Å leva i ruinane av kristendommen

Den ortodoks kristne bioetikaren, filosofiprofessoren og forfattaren Tristram Engelhardt kjem med mange interessante tankar i dette intervjuet, som har fått tittelen “Å leva i ruinane av kristendommen”. Kva skjedde med den opphavelege kristendommen, og korleis vestkyrkja fekk så mange rare og nye lærer, er blant spørsmåla som vert tekne opp.

“Eg tenkjer på meg sjølv som vestleg ortodoks. Ortodoks kristendom har begge lungene inntakt sidan han har både austleg og vestleg ritus. Det som gjer ortodoks kristendom så ulik frå andre formar for kristendom, er at han lever i tankesettet frå dei heilage fedrane. Som ortodokse kristne kunne me gått rett inn i ei preike frå ein av fedrane frå oldkyrkja og alt ville gi fullgod meining. Det er ikkje lenger tilfellet med dei andre vestlege formane for kristendom. Der er ei framandgjering frå kyrkja sitt opprinnelege tankesett.

Kristendommen i dei fyrste tusen åra forstod at teologar er folk som kjenner Gud, ikkje dei som har mest teoretisk kunnskap om han. Og den endringa av kva det vil seia å vera teolog var det som la grunnlaget for dei unike nyvinningane i vestleg kristendom frå 1100-talet og framover. Ideen om at ein kan tenkja seg fram til kven Gud er.

(…)

I NT står det ikkje “gå ut i all verda og argumenter godt”, men omvend verda. Korleis gjer ein det? Ein kan berre omvenda verda dersom ein fyrst omvender seg sjølv. Berre slik kan me forandra verda. Det var slik dei kristne brakte det romerske imperiet som hedensk politisk struktur, til sin avslutning. Dei bad. Dei vart martyrar. Løysinga er, som i all tradisjonell kristendom, – ikkje eit sett filosofiske argument, det er eit syn som utviklar seg i vest og som definerer vestleg kristendom – det er at eg opphøyrer å elska meg sjølv, og elskar Gud av all mi makt, av heile hjarta og av alt mitt vit. Dersom eg gjer det vil eg forandra meg sjølv, og menneske rundt meg vil verta frelst.”

No er også del to av intervjuet tilgjengeleg.

0 Svar to “Å leva i ruinane av kristendommen”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,379 besøkjande