Arkiv for november, 2009

Ver ikkje sint, reager ikkje, bevar indre stille, del 1

Av metropolitt Jonah Paffhausen:

Då eg studerte teologi hadde eg den store velsigninga av å verta åndeleg son av ein gresk biskop, Biskop Kallistos av Xelon. Siste delen av hans liv var han biskop i Denver i det greske erkebispedømet. Det var han som lærde meg Jesusbøna. Hans åndelege visjon hadde tre veldig enkle punkt:

Ver ikkje sint. Reager ikkje. Bevar indre stille.

Desse tre åndelege prinsippa, eller disiplinane, er eigentleg heile Filokalia i ein sum, samlinga av ortodoks kristen åndeleg visdom. Og dei er disiplinar kvar enkelt av oss kan praktisera, uansett kor me er livet – om me er i eit kloster eller på skulen; om me er ektemakar eller pensjonerte; om me har ein jobb eller om me har små born å springa etter. Viss me kan halda fast på og øva oss i desse tre prinsippa vil me vera i stand til å gå djupare og djupare i vårt åndelege liv.

Blir ikkje sint.
Når me ser på det indre rotet som er er i våre liv, hjarto og sjeler, kva finn me? Me finn gamalt sinne [resentments]. Me finn minner om gale ting gjort mot oss. Me finn sjølv-rettferd. Me finn desse i oss på grunn av stoltheit. Det er stoltheita som gjer at me held fast på våre unnskyldningar for fortsatt sinne mot andre menneske. Og det er såra stoltheit, eller sjølvskryt, som matar vår misunning og sjalusi. Misunning og sjalusi fører til sinne og bitterheit.

Bitterheit fører til ei rekkje problem. Dess meir bitre me er på andre menneske, dess meir deprimerte vert me. Og dess meir vert me oppslukt av attrå etter å ha det dei har, som er misunning. Ofte vil me så ty til vanedannande bruk av substansar frå den materielle verda – om det er mat eller alkohol eller piller eller sex eller noko anna – det handlar om å sjølvmedisinera oss til å gløyma og distrahera oss bort frå vårt sinne.

Ein av dei mest verdifulle og viktige tinga som me dermed kan gjera er å ta ei vurdering av sinnet vårt. Og ein av dei beste tinga måtane å gjera dette på er å gå til skrifte. Og ikkje berre ein gong, før me blir døypt eller krismert. I løpet av vårt åndelege liv kan me skrifta fleire gonger, for å verkeleg grava ned i fortida vår og sjå på dei bitre tankane me ber mot andre menneske. Dette vil hjelpa oss til å gjera den tøffe jobben det er å overvinna bitterheita gjennom tilgjeving.

Kva tyder tilgjeving? Tilgjeving tyder ikkje å unnskylda eller rettferdiggjera det nokon har gjort. Til dømes ved å seia «Ja, han misbrukte meg, men det er OK, det er berre hans natur», eller «Eg fortente det». Nei, viss einkvan misbrukte deg så var det ei synd mot deg. Men når me held fast på det vonde, når me held på sinne og bitterheit inni oss sjølv, mot dei som har misbrukt oss, så held me deira misbruk mot oss i live. Me fortsetter misbruket deira mot oss sjølve. Den vonde sirkelen lyt stoppast. Den personen er truleg langt borte og har for lenge sidan gløymt oss, eller at me nokon gong har eksistert. Men kanskje ikkje. Kanskje var det ein forelder eller ein annan nær person, som gjer sinnet desto meir bittert. Men for din eigen fred og di eiga sjel si skuld, treng me å tilgi. Me bør ikkje rettferdiggjera handlinga, men me bør undersøka handlinga og sjå at bak stod ein person som slit med synd. Me bør sjå at den personen som me har vore bitre på, den personen me treng å tilgi, ikkje er noko forskjellig frå oss, at dei syndar akkurat som me gjer, og me syndar akkurat som dei gjer.

Sjølvsagt, det hjelper viss personen som me er bitre på, den personen som såra eller misbrukte oss på nokon måte, spør oss om tilgjeving. Men me kan ikkje venta på dette. Og me kan ikkje halda fast på vårt sinne etter å ha sagt at me har tilgitt. Tenk på Fadervår: «Forlat oss vår skuld som me og forlet våre skuldmenn». Viss me ikkje tilgir, så kan me ikkje ein gong be Fadervår utan å fordømma oss sjølve. Det er ikkje det at Gud fordømmer oss. Me fordømmer oss sjølv ved å nekta å tilgi. Me vil aldri ha fred viss me ikkje tilgir, berre sinne. Det er ein av dei vanskelegaste tinga å gjera, og vår kultur forstår det ikkje. Det er å sjå på den personen me treng å tilgi, og så elska dei – på trass av korleis dei har synda mot oss. Deira synd er deira synd, og den treng dei å handsama sjølv. Men me syndar i vår reaksjon mot deira synd.

[framhald fylgjer]

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,382 besøkjande