Jens Thoresen, ein utmerka mann på mange måtar, og eg har eit ordskifte på gang om skrifta og tradisjonen. Hans innlegg kan lesast her, og mitt svar lyder så:
Hei, Jens. Det er fleire ting eg finn som er skeivt i di framstilling.
Du skriv at kyrkja ikkje har andre røter enn Guds ord i Bibelen. Men faktum er at kyrkja eksisterte i 30 år før eit einaste av bøkene i NT vart skrive. Var ho då rotlaus? Nei, for kyrkja har sine røter i Jesus som ikkje skreiv ei einaste bok. Det var den kyrkjelege tradisjonen som gav oss NT, ikkje omvendt.
Eg syns nesten det er noko hovmodig over nokon som seier: «Takk for at du har gitt meg det nye testamentet. No skal eg fortelja deg kva boka tyder». Å tru at eg forstår betre kva Bibelen tyder, enn det samla vitnesbyrdet til den udelte kyrkja er eit kjempeproblem.
Viss ein trur at alle enkeltindivid heilt utan vidare kan skjøna alt som står i Bibelen på eiga hand, så trur ein feil. Då skulle den etiopiske hoffmannen ikkje ha tronge hjelp heller? Viss ein ikkje trur på tradisjonen si forståing av kva skrifta tyder, vert alternativet at mi forståing av Bibelen er den rette. Men då må eg jo starta ei konkurrerande kyrkje. Dette er protestantismens store problem, som ikkje har gjort rørsla til eit kyrkjesamfunn, men til 20.000.
Det skal vedgåast at Luther reagerte rettmessig mot ein heil del ting, men på fruktene skal treet kjennast. Reformasjonen endte opp i ein blodig krig, og det lutherske Tyskland var langt frå noko paradis. Han kasta også ut fleire ting med badevatnet, som alltid hadde vore der. I tillegg; kor trufast var han eigentleg mot si eiga parole: «Tilbake til Bibelen»? Han ville helst fjerna Jakobsbrev frå nye testamentet, då dette ikkje passa inn i hans private tolking av evangeliet.
For det er berre halve biletet at me vert frelst av tru og nåde. Me vert også frelst ved gjerningar. At me vert frelst av båe desse tinga er dei fyrste kristne samstemte om, kyrkjekonsila, og alle dei historiske kyrkjesamfunna. Å tru at me vert frelste av nåde åleine er eit stjerne-eksempel på kva som skjer når ein skal forma ein ny teologi etter privat openberring, slik Martin Luther gjorde. Ein må ignorera eller bortforklara ei røys av bibelvers for å få det til å gå i hop:
Matt 7:21
21 Ikkje kvar ein som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.
Matt 24:13
13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!
Joh 5:29
29 Dei som har gjort godt, for å stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, for å stå opp til dom.
Op 22:12
12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er.
1Tim 4:16
16 Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det. For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.
Jak 2:24
24 De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje berre av tru.
Samtidig må ein ikkje gløyma bibelvers som dette:
Ef 2:8f
8 For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.
9 Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg.
Problemet oppstår når ein vektlegger berre ein av desse tinga, som Luther gjorde. Dermed forsvinn også problemet med sjølvrettferd: me vert frelst av nåde OG eigne gode gjerningar. Eg bør også nevna at den gruppa dei fyrste kristne kjempa hardast mot – gnostikarane – var dei som lærte «frelse ved nåde åleine».
Til sist vil eg påpeika at i den austleg-ortodokse kyrkja fann det aldri stad nokon reformasjon. Dei kom ikkje med nye lærer som gjekk på tvers av oldkyrkja, men vidareførte det som hadde vore den universelle læra i dei fyrste 1000 åra av kyrkjehistoria.

Godt skrive og interessant debatt. Eg håpar du held han “varm”
takk skal du ha! No overlet eg til andre å halda saka varm. Eg veit ikkje om eg kjem nokon veg med denne spesifikke lutheranaren. Og litt uviss på om han eigentleg er interessert i meir svar frå mi side? I alle fall syns eg det er på sin plass å imøtegå nokre av dei inngrodde mytene når dei dukkar opp.