“Eg har aldri ått mobiltelefon, bil eller datamaskin…” begynner filmen om Jenny Endresen som flytta frå eit høgstatus-tilvære i rikmannsmiljøet i New York til ein straumlaus gard i Telemark.
Filmen er ein episode i NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, og denne spesielle episoden sette sjåar-rekord med 1,2 millionar sjåarar.
Om den rike forstaden ho vaks opp seier ho at dei har millionar av ting som dei ikkje treng, store hus, flotte bilar, hytte på Bahamas, og er dei mest ulukkelege folka på planeten jorda.
Valet om å flytta til ein forlatt fjellgard og leva av det garden kan gi, var eit bevisst verdival for Jenny. Ho seier at før i tida når ho sa til venene sine at me kan ikkje halda fram med å leva slik som me gjer no, med tanke på miljøet og framtida til våre barneborn, berre rista dei på hovudet. Men no når miljøkrisa er eit irreversibelt faktum er det fleire som lyttar.
“Eg trur dei fleste ein eller annan gong i livet har teke til seg den store løgna – som vi har fått inn gjennom reklamen og media: At det å kjøpe og forbruke er meir meiningsfylt enn å skape med sine eigne hender”, seier Jenny. På garden lagar ho og mannen alt sjølv og er sjølvforsynte, enten det gjeld såpe, medisin (urter), talgljos, klede eller mat. Dei har også ein ergosykkel som er kobla til vaskemaskina.
Dette vart berre smakebitar, de får sjå filmen sjølv. Han kan lastast ned her, eller streamast her.

Ja – men om dette straumlause livet skulle bli normen ville samfunnet bryta saman. Kort og godt.
PS.Jenny Endresen lever såleis eit luksusliv. Som altså er svært usolidarisk.
Takk for kommentar. Kvifor skulle samfunnet bryta saman? Samfunnet fanst no ei stund før straumen. Det er vel grundig fastslått at vår samfunnsmodell ikkje er berekraftig for andre enn oss sjølve (i vesten) . Og kanskje ikkje for oss ein gong viss me tenkjer på miljøet.
Fordi det må skapast økonomiske verdiar til samfunnsnyttige føremål, inkl. trygdeytingar til dei ca. 36% som i dag står utanfor arbeidslivet og dermed ikkje yter til fellesskapet – men vert mottakarar. Det er jo reint vanvit å tru at 5 mill. menneske her til lands kan forsørgja seg sjølve med mat og sosiale goder på det viset som me såg – for ikkje å snakka om resten av verda. Det er jo nett det me såg på tv som bondestanden og folk elles ville bort frå på 1900-talet. Det viser seg også for den tredje verda at marknadsøkonomi m/forbruk kombinert med demokrati er det som bringer god vekst til samfunnet. Den store utfordringa for oss i dag er å kutta ned talet på trygdemottakarar og få folk i skikkeleg arbeid. Difor ser eg på slikt som ein rein og skjær romantisk ego-trip for nokre få. Til nytte for samfunnet er det ikkje.
All respekt for ei slik samfunnsnyttig haldning, men eg kjenner at eg står ein annan plass i dette spørsmålet.
Det fyrste eg tenkjer er at ei tenking om at no må eg vera mest mogeleg nyttig for samfunnsfelleskapet, er uråd å oppdriva engasjement for. Ja, det kan vera eigna til å vekkja motløyse. Når Sovjet prøvde å få folk til å jobba ved å la dei yta etter evne å få etter behov, kva resultat gav det? Folk gadd ikkje gjera noko. Dei fekk jo ikkje noko belønning for hardt arbeid. Å kritisera folk som driv ein sjølvforsynt gard – ein samfunnsmodell med langt lengre røter i Noreg enn dagens modell – for å vera på ein egotripp, er urimeleg. Eg trur det er omsut for eigen familie som gjer at folk kvar dag står opp og går på jobb, ikkje omsut for den store grå (og som du påpeiker, til dels uverksame) massen som me kallar samfunnet.
Ein kan seia at bøndene på Mosli på sett og vis er mindre egoistiske. Dei er ikkje til byrde for samfunnet (sidan dei er sjølvforsynte og ikkje mottek trygd), og dei skadar ikkje miljøet som me andre gjer kvar dag ved å vera konsumentar og produsentar i olje-økonomien. Frå filmen går det fram at ein tredjedel av det dei har i huset er ting som andre folk har kasta. Og ikkje minst held i hevd tradisjonar som er i ferd med å døy ut.
Det neste er at dagens modell er såpass skjør som han er. Under andre verdskrigen kunne folk berga seg sjølve på landsbygdene. I dag kunne dei urbaniserte bygdene ikkje ha gjort det same. Nett no er utsiktene til krig og naud små, men det er sjølvsagt dumt å basera seg på at dagens situasjon skal vara for evig, og vera heilt avhengig av massiv mattransport frå bl.a. Kina. Som ein forskar sa i BT for litt sidan: «Det er litt skummelt at den tusenårige kunnskapen om hvordan man bruker og høster av naturen på en uindustriell måte, sånn plutselig i løpet av noen få tiår nærmest er utryddet.»
Deretter kjem spørsmålet om klimaet, miljø og natur. Dagens modell har ført ein mengd dyreartar til randa av utrydding. Nedhogging av regnskog, utarming av landbruksjord, sur nedbør og hungerkatastrofar er berre toppen av det stadig smeltande isfjellet. Skilnader mellom fattige og rike, små bedrifter og matprodusentar som vert utpressa av store multinasjonale selskap, er også dagens modell skuld i. Vekst-økonomien
Difor bør ein heller stimulera enn stigmatisera dei som vel ei anna løysing, å verta sjølvforsynte gardsbrukarar heller enn trygdemisbrukarar. Eg meiner me må skapa rammer for berekraftige lokalsamfunn. Dei som dyrkar mat må spela ei avgjerande rolle her. Det må vera rom for at folk kan velja annleis enn det staten og den statlege oppdragelsen (som alle får gjennom 12, 15, eller 18 år i skule) legg opp til.
Som du veit er eg medlem og tidlegare aktiv i Høgre. Slagordet vårt “mangfald, fridom og ansvar” er meir enn berre ein talemåte – det seier mykje om tenkemåten og haldninga vår. I botn ligg konservatismen, som vil seia at me ikkje berre handlar ut frå dagen i dag, men også erkjenner at me er ein del av dagen i går og har eit ansvar for framtida.
Det vil t.d. seia at eg er for at alle skal få leva livet sitt som dei vil – og at det skal vera eit mangfald i livsutfaldinga. Og ligg ein ikkje samfunnet til byrde gjennom ei slik livsførsel er det greitt nok for meg. Mangfald og fridom er flott.
Men no er det ein gong slik at samfunnet vårt er relativt komplisert. Me har også eit ansvar. Det trengst pengar til bygging av vegar og sjukehus, til forsking og rettsvesen og kva det måtte vera. Og til det trengst det produktivt arbeid, forbruk og høgast mogleg sysselsetting.
Eg var for nokre år sidan på ein gard der det heller ikkje fanst maskiner, knapt nok straum – der alt arbeid vart gjort for hand, alt vart dyrka økologisk – og der minst den eine parten hadde trygd. Og der inntektene elles var små. Det tyder litt brutalt sagt at dei let storsamfunnet (les: dei som går på jobb) forsørga seg.
Nokre få kan leva ut draumen sin og leva som i tv-programmet. Men vil dei produsera mat nok til andre enn seg sjølv?
At landet burde dyrkast opp meir er eg hjartans samd i. Men det er som kjent ein politisk gjengangar – og hovudpine.
No har eg site og vridd og vendt på setningane mine og kva eg eigentleg meiner i tre kvarter.
Ein må tenkja holistisk. Og langsiktig. Dersom Jenny og Ole har planar om å la ungane overta garden, driva han vidare på gamalt vis og skapa noko som bygda kan dra fordel av i framtida, er det dei gjer, veldig bra. Men dersom det berre er ei fatalistisk flukt frå det moderne for at iallfall dei skal klara seg når domedag kjem – ikkje så bra.
Samfunnet vårt er ikkje berekraftig, og Nord-Noreg er kanskje den landsdelen der ein ser konsekvensane av samfunnsforma vår klårast. Få stader er lokalsamfunna så lite berekraftige som her. Spørsmålet er korleis ein kan gjera det meir berekraftig. Kva er mest samfunnsnyttig, i ordets rette forstand? Den politiske hovudpina burde gjerast noko med. Den beste ideelle løysinga er å forsøka å snu samfunnet. Og her er eg samd, Øystein – berekraftige lokalsamfunn hadde vore kjempeflott! Snu urbaniseringa og styrk bygdene! …men det i seg sjølv vil ikkje snu all verdas snauhogst, forureining og global oppvarming i det forhasta samfunnet vårt. Eg har diverre slutta å vona at noko vil hjelpa, og meir vend meg til stoda.
Eit apropos: Eg som bur i Nordland har ofte klødd meg i hovudet over kor lite jernbanenettverket er utbygd her i landet. Kvifor går det berre til Bodø, og ikkje vidare? Og Nordlandsbanen var det attpåtil nazistane som initierte… Dersom nordmenn hadde fått bestemma, ville me vel late jernbanen slutta i Trondheim. Me hadde spart mykje bensin og miljø (og kanskje fråflytting) på å ha jernbane i Troms og Finnmark. Men det har det ikkje vorte noko av så langt.
Eg er nok ein politisk pessimist, men eg trur miljøkrisa har kome for langt til at ho kan stansast. No må me leva med dei vala me har teke om å forbruka meir enn jorda kan tola, men konklusjonen for meg er ikkje å flykta til kvar sin vesle gard…
No ser eg at klokka nærmar seg 01.00, og Håvamål seier vel noko om den dumme mannen som sit oppe heile natta og grublar og er sturen som før når morgonen kjem. Ikkje ta for mykje hensyn til kva eg har skrive her. God natt!
Dette var et helt fantastisk program, og jeg tror mange reflekterte litt over livet sitt før de sovnet denne kvelden. Vi lever i et sammenligningstyranni, og det er veldig synd. Her er det jo masse å bli inspirert av, uten at en behøver å bli helt lik som henne.
Thoreau skriver i “Walden” at han ikke vill at folk skal leve sånn som han, men at de skal reflektere over sine egne liv pga hans livsførsel.
Jeg oppfattet også denne dama på den måten.
Knut Rage skriver i denne tråden om at noen må skape verdier for alle de som faller utenfor. Men, er det ikke slik at mange av disse nettopp er falt utenfor fordi effektivitetspresset for å produsere varer og tjenester vi ikke trenger er blitt for stort? Jeg tror ting er ganske mye mer komplisert enn dette “vi som bygger landet” og de “andre som må ha understøttelse”.
Det finnes ganske mange flere verdier enn penger – hvis man bare leter litt… Se for eksempel http://www.m24.no.
Just passing by.Btw, your website have great content!
_________________________________
Making Money $150 An Hour