Eg har vorte utfordra av medbergensar Torgils til å fortelja sju ting om meg sjølv som du ikkje veit. Det er vel usportsleg å ikkje stilla opp!
- Då eg var på klassetur til Oslo i 6. klasse fekk eg Kristin Halvorsen til å le ved å kollidera med ho i trappa på stortinget. Det var ein veldig mjuk kollisjon.
- Eg har snakka nedsetjande om Trond Giske på landsdekkjande TV. Det var dagen etter valet, og Giske var utnevnt til kulturminister. Han kom frå stillinga som utdanningsminister (der han etter mitt syn hadde gjort mykje gale og øydeleggjande). Til Tv2-nyheitene sa eg: «Det er bra dei han plasserte han ein plass der han kan få gjort minst mogeleg skade».
- Ein av mine tipp, tipp, tipp… oldefedre var Christian kvart av Danmark-Noreg, noko som gjer at eg var 13-menning til Kong Olav.
- Då eg var i Israel som 17-åring hadde eg den dårlige idéen å kjøpa ei falsk t-skjorte som var identisk til den som den israelske hæren nyttar. Deretter gjekk eg til den arabiske delen av Jerusalem i ført denne t-skjorta og militærliknande khaki-shorts ved soleglad. Eg kom relativt uskadd frå det, men fekk ein knyttneve i venstre skulder, og vart på eit tidspunkt omringa av palestinske tenåringar som prøvde å framprovosera ein reaksjon. Eg vart også utspurt på flyplassen i Tel-Aviv på veg heim att, fordi eg stadig var iført t-skjorta.
- Då eg var i Egypt vart eg teken med opp på ein kamel ved Kheops-pyramiden av ein beduin. Det dei ikkje hadde fortalt var at eg ikkje fekk sleppa ned att frå kamelen før eg hadde gitt dei det eg hadde av pengar, som uheldigvis var så mykje som 100 dollar. Men eg appellerte til sjeiken, som var storsinna nok til å gi meg 90 dollar tilbake. Resten av pyramide-turen måtte eg opphalda meg i turistbussen med ein skulande beduin på kamel utanfor.
- Jobben eg har no fekk eg ved å oppsøka sjefen sitt hus om kvelden.
- Eg var ein skikkeleg ramepgut som barn. Som 6-åring stal eg og sonen til presten kollekten frå forrige sundag, og brukte det til å leiga ein båt på Ullensvang Hotel. Eg har fortrengt kva som skjedde ettar me vart berga i land på kaia til bestefar min. Ein annan gong på same alderstrinn forårsaka eg og ein kamerat skogbrann i heimbygda.
Eg utfordar Askild og bror min, Hallvard og syster mi, Monika.

0 Svar to “7 ting du ikkje visste om meg”