“Eg har aldri ått mobiltelefon, bil eller datamaskin…” begynner filmen om Jenny Endresen som flytta frå eit høgstatus-tilvære i rikmannsmiljøet i New York til ein straumlaus gard i Telemark.
Filmen er ein episode i NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, og denne spesielle episoden sette sjåar-rekord med 1,2 millionar sjåarar.
Om den rike forstaden ho vaks opp seier ho at dei har millionar av ting som dei ikkje treng, store hus, flotte bilar, hytte på Bahamas, og er dei mest ulukkelege folka på planeten jorda.
Valet om å flytta til ein forlatt fjellgard og leva av det garden kan gi, var eit bevisst verdival for Jenny. Ho seier at før i tida når ho sa til venene sine at me kan ikkje halda fram med å leva slik som me gjer no, med tanke på miljøet og framtida til våre barneborn, berre rista dei på hovudet. Men no når miljøkrisa er eit irreversibelt faktum er det fleire som lyttar.
“Eg trur dei fleste ein eller annan gong i livet har teke til seg den store løgna – som vi har fått inn gjennom reklamen og media: At det å kjøpe og forbruke er meir meiningsfylt enn å skape med sine eigne hender”, seier Jenny. På garden lagar ho og mannen alt sjølv og er sjølvforsynte, enten det gjeld såpe, medisin (urter), talgljos, klede eller mat. Dei har også ein ergosykkel som er kobla til vaskemaskina.
Dette vart berre smakebitar, de får sjå filmen sjølv. Han kan lastast ned her, eller streamast her.

Kommentarar