Arkiv for desember, 2008

Gud er i detaljane

Dette er skrive i England, heilt aust i landet, for ikkje mange dagane sidan:

«Den heilage øya Lindisfarne er mørk og forlatt når vinteren er på sitt djupaste. Berre fem personar dukka opp på morgon-gudstenesta i dag tidleg. Me gjekk inn i koret, området der alle dei viktige Guds-tinga står; altaret, Bibelen, ikonet, lysa, blomane. Medan presten ba, kikka eg bakover i kyrkja, der ingen viktige Guds-ting står. Der er feiekostane lagra og alt skrotet. Til mi store overrasking var området omslutta av eit skarpt ljos. Kanskje eit tv-crew førebudde eit opptak? Nei. Var det eit ljos som var spesielt rigga til i samband med ei julekrybbe for barna? Nei igjen. Kva kunne forklaringa vera?

Så høyrte eg at der bak føregjekk ei utleggjing av Bibelen. Det handla om at Jesus ikkje vart født i noko stort religiøst senter, men i ei bakevje. I ein stall i ein eller annan landsby. Den usannsynlege plassen vart overfløymt av ljos. Englar kom. Gud dukka opp der. Men folk flest gjekk glipp av det.

Kor vil Gud dukka opp neste gong, på planeten jorda, tenkte eg. Lyset ved skåpet der me har feiekostar får meg til å tru at Gud kanskje kjem til å dukka opp ein stad der nedturen (den økonomiske? min merknad) får folk til kjenna seg bortgløymte. I eit jordnært hjørne av verda. Vær på utkikk. Lat meg få høyra om det.

Takk. Ray.»

Orda er skrivne av Ray Simpson, som er fastbuande på øya Lindisfarne, og skriv jamleg på bloggen sin (som dessverre har ei dårleg teknisk løysing, slik at det ikkje går an å abonnera på han). Eg var så heldig å få tilbringa ein time åleine med Ray Simpson i 2006, og eit merkeleg møte var det. Han er prest i den anglikanske kyrkja, men fekk løyve frå biskopen sin til å starta ein kommunitet på Lindisfarne. Ray fekk nemleg eit syn frå Gud, der det vart sagt at Gud ynskjer å føra dei mange ulike kristne straumingane tilbake til den store straumen. Gjera dei til eitt igjen.

Ray Simpson har nyleg gitt ut ei bok som eg har lese to gonger baklengs og framlengs, Keltiske veimerker. Han hentar mykje inspirasjon frå dei keltiske kristne som verka i heile England, og brakte evangeliet til mange stader i Europa. Blant anna var det keltiske kristne som fyrst brakte evangeliet hit til Noreg på 800-talet (St. Sunniva m.fl.). Utan sverd i hand.

Dei keltiske kristne hadde eit veldig uanstrengt forhold til det naturlege, så vel som det overnaturlege. At Jesu soningsdød gjorde noko med skaparverket var ein sjølvfylgje for dei. Ray Simpson fortel ofte på bloggen sin om små teikn i naturen og mellom menneske, som uforklarlege ljos og englar. Ein del over-rasjonalistiske kristne i vesten kan læra av den keltiske tradisjonen å forventa det overnaturlege. Då eg intervjua Ray Simpson for Dagen dukka det opp midt i mellom oss ein fantastisk flott og sjeldan sommarfugl, Svalestjert er han kalla. Ray Simpson var sikker i sin sak at det var eit teikn frå Gud. Eit teikn på kva, veit eg ikkje. Men etter å ha lese bok om dei keltiske kristne er eg viss på at det var eit godt teikn.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,393 besøkjande