Arkiv for november, 2008

For den som gidd å leita

Siste nummer av Morgenbladet, som svigerfar min er så grei å spandera på meg, fann det for godt å dukka opp i postkassen i dag. Marit K. Slotnæs skriv i artikkelen Raddis søker Gud at «Vi [journalister] fornemmer at det er en lengsel der ute, blant det avislesende publikum, etter personlig fortellinger om brudd med tidligere overbevisninger og omfavnelsen av nye.» Ho samanliknar deretter kva som skjedde med dei marxistiske ateistane Hans Fredrik Dahl og Jon Michelet når dei møtte alvorleg sjukdom.

Jon Michelet fekk 7 brev frå truande kristne, men rørte ikkje eit augnelok på sin vantruande ståstad. Journalisten Marit K. Slotnæs kommenterer at «Michelet tar seg ikke tid til å meditere over tekststedene han blir henvist til av de troende». Livet var for kort til å lesa.

Professor Hans Fredrik Dahl tok seg tid. Etter å ha lest Det gamle testamentet om att som 66-åring sa han til tidsskriftet Minerva at persongalleriet og historia som vart rulla opp var så mektig at det tok pusten frå han. På sjukeleiet lot han tilkalla ein prest. Han konverterte til den kristne trua og katolisismen, og «frisknet til på kort tid». Les eit intervju med Hans Fredrik Dahl som stod på trykk i Vårt Land for ei tid tilbake. Han fortel blant anna at han ikkje hadde noko dødsangst, så det var ikkje det som førte til omvendinga.

« Men tilbake til Dahl og Michelet. Man gleder seg over den første og bli forstemt av den andre, for mens Dahl opplever og betakter den religiøse erfaringen som en utvidelse, ser Michelet bare trusselen om innsnevring. Mens Dahl har oppdaget en hel verden befolket av mennesker som snakker direkte til ham, er Michelet ute av stand til å gripe den horisontutvidelsen som ligger gjemt for den som gidder å lete.»

For kvar den som bed, han får; den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. (Matteus, kapittel 7, vers 8.)

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,400 besøkjande