Arkiv for august, 2008

Ein heilt streit sopptur

I går gjekk eg på sopptur i Rambjøra Landskapsvernområde. Sidan ein bør vera superforsiktig når ein plukkar sopp med formålet å eta dei, så eg hadde med meg ei relativt ny soppbok innlånt frå Biblioteket for anledninga. Ein må ikkje nytta gamle soppbøker, for det finst døme på soppar som vart rekna for matsoppar tidlegare som no er svartelista. Markert med svarte daudingehovud. Enkelte har ikkje heilt tatt steget over til å verta fordømt av soppbøkene, slik som Sandmorkelen. Om den heiter det utruleg nok: “Selv om sandmorkel er en vanlig matsopp, kan den være svært giftig og til og med dødelig”.

Så det er spanande å vera sopplukkar, ein slags risikosport for slappingar. Den fyrste soppen eg fann trudde eg fyrst var ei falsk kantarell (som er uspiselig), men så viste det seg etter grundigare studium at det dreidde seg om den svært giftige pluggsoppen. Vidare gjekk eg, og fann ein rar sopp som eg ikkje greidde å finna i soppboka. Kanskje det var ein av dei soppane som ikkje får lov å vera lista i soppbøker, for dei står oppført på statens liste over narkotiske stoff? Det gjeld blant anna Psilocybe semilanceata, eller spiss fleinsopp, som veks vilt i Noreg.

Nei, forresten, no ser eg i soppboka eg har for handa (Damm, 2005) at soppen er nemnt, men det står berre at han er giftig. At han gir LSD-liknande rus står det ingenting om. For dei som er interessert i giftig sopp og fleinsopp-erfaringar så har Morten Strøksnes skrive ein reportasje om temaet som kan lesast her. Spesielt kosteleg er historia om den gongen Strøksnes lagde Fleinsopp-pizza:

En gang spiste jeg om lag 25 stykker. En kamerat var alene hjemme, foreldrene var på hyttetur og skulle ikke komme tilbake før om noen dager. Vi la dem på en pizza, og når vi var mette la vi resten av pizzaen i kjøleskapet Det var nordlys, og de fargesprakende eksplosjoner som for over himmelen var sensasjonelle, selv i edru tilstand. Etter at fleinsoppen gjorde sin virkning, ble det en kosmisk good trip, der jeg red et vanvittig ritt på røde og grønne bølger av varmt lys, over en iskald, stjerneklar himmel. Når vi kom tilbake til huset, var min kamerats far kommet hjem en dag for tidlig. Han satt i en stol i stua og klamret seg til armlenene, likblek og med et forrykt blikk. Før vi var kommet inn døren kunne vi høre ham rope: «Kom dokker ut! Kom dokker ut! Æ e blitt stein, hakke tullat.» På stuebordet ved siden av ham stod det nå tomme pizzafatet.

Det er litt rart å tenkja på at det veks narkotiske substansar rett utanfor låvedøra på ein kvar bondegård. Berre for å ha det på det reine; så vil eg fråråda alle å eksperimentera med fleinsoppinntak. Ein kan få varige psykiske lidingar som konsekvens, til og med åndelege opplevingar av den sorten som ikkje er av det gode, for å seia det slik. Fleinsoppen skal visstnok vera brukt av heksedoktorar og sjamanar.

Steinsopp
På trass av namnet på denne soppen, steinsopp, så er arten heilt uskuldig og upsykotisk. Eg har i alle fall ikkje oppdaga noko enno.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,401 besøkjande