Dei to stiane

Satan, som har funne opp falske religionar, vender menneske vekk frå den Himmelske stien og leiar dei inn på vegen som fører til øydelegging. Den stien ser ut til å vera flat og romsleg og vakker, med all slags blomar og frukter. For Satan plasserer på denne stien ting som på jorda vert sett som gode ting – rikdom, ære, nyting og andre forførande ting.

Men gøymt saman med desse er også urettvise, vondskap, byrgskap, attrå, strid, uvisse, falskheit, dumskap og andre laster. Men denne vegen endar når lastene har nådd endepunktet, venleiken misser sin glans; og vegen forsvinn plutseleg. Det skjer så plutseleg at ingen er i stand til å forutsjå svindelen før ein fell med hovudet fyrst ned i ein djup avgrunn.

I motsetning til dette ser den Himmelske vegen ut til å vera vanskeleg og i oppoverbakke; dekt med smertefulle tornar og kantane steinar er strøydd ut over. Difor må alle gå med den største varsemd, og må ta forholdsreglar slik at han ikkje fell. På denne vegen har Gud plassert rettferd, sjølvtøyming, tolmod, tru, reinleik, sjølvkontroll, fred, kunnskap, sanning, visdom og ande dyder.

Men saman med desse er fattigdom, låg status, arbeid, smerter og alle slags vanskar. For den som har strekt håpet sitt ut over dette noverande livet og valt betre ting, vil vera utan desse jordiske godene. Fordi han reiser med lite bagasje og er fri frå ting som held han tilbake, kan han overkomma vanskane på vegen. For det er umogeleg for mannen som har omgitt seg med kongeleg prakt, eller lasta seg sjølv ned med rikdom, både å koma inn på denne stien eller å halda ut når desse vanskane kjem.

- Lactantius, ca. år 308 e. kr

4 Svar to “Dei to stiane”


  1. 1 Hallvard juli 24, 2008 ved 11:23 pm

    Hei! Høyrer du kjem heim til oss ved den smale sti i morgon. Skal me diskutera teologi att snart? =)

  2. 2 Øystein juli 25, 2008 ved 2:00 am

    Se, jeg kommer snart. Ja, denne gongen kan me diskutera det tredje bud.

  3. 3 Patriarken august 20, 2008 ved 8:51 am

    soon and very soon…

    Fin blogg som eg sjølvsagt skal følgje med på. Eg likte spesielt godt dette med å vere heile menneske. Det trur eg er viktig. I ei verd der vi heile tida blir målt etter prestasjonar – også i kristen samanheng – er det viktigare enn nokon gong å kunne akseptere seg sjølv og få vere seg sjølv.

  4. 4 Øystein Lid august 20, 2008 ved 1:37 pm

    Takk for det. Eg har fulgt med på din blogg det siste året, og kjem nok til å halda fram med det. Eg har på ein måte planlagt å laga ei liste over bra bloggar, så det kjem kanskje…


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,355 besøkjande