Dette sto på trykk i avisa på laurdag:
- Hamar er en spøkelsesby, seier ein tenåring som går forbi teltet mitt. Tydeleg misnøgd med aktivitetsnivået i byen eg befinn meg i utkanten av. På Hedmarktoppen der Pinsevenene har sine sommarfestivalar er det derimot alt anna enn dødt. Her speler kvart møte på dei djupaste strengane hjå deltakarane. Under og teikn skjer. Sjølv var eg mildt skeptisk, slik ein journalist må vera, heilt til eg fekk mitt eige teikn.
Det hadde seg nemleg slik at eg hadde overvurdert nattetemperaturane her, etter ein relativt kjøleg junimånad. Eg låg beint fram og fraus om natta i den tunne soveposen min. Men kva ser eg morgonen etter den kalde natta, ståande litt lenger inne i skogholtet eg har telta i? Ein attgløymt, eller kanskje til og med himmelsendt sovepose av langt dyrare fabrikat enn min eigen. Ein varm McKinley-sovepose som no tener som teppe. (Viss nokon les dette og saknar ein slik sovepose kan dei få han tilbake, men vent gjerne ei veke med å melda i frå).
Og så er det min nærmaste nabo, som er eit djupsindig ekorn. Han stirer ettertenksamt på meg når eg stikk hovudet ut av teltet om morgonen. Klatrar litt, stoggar, ser meg djupt inn i augene, som om han prøver å overtyda meg om noko. Om kva veit eg ikkje.
Det var ein blanding av Lars Monsen og Hunter S. Thompson eg skulle bli, eventyrar og journalist. Men eg hadde heller ikkje noko reelt val, for det er fullt overalt. Rett og slett ikkje rom i herberget. Til teltet mitt i skogen inviterer eg intervjuobjekt på rømmegraut laga på primusen. Ved camping-vasskrana kjem ein i prat med dei som står i kø. Når ein må lada pc-batteria får ein snakka med alle dei hardarbeidande frivillige på bakromma. Ein kjem kort sagt folk og festival mykje nærare innpå livet.
Sidan eg slepp å pendla mellom festivaplassen og pensjonat i Hamar har eg også tid å lesa. Ei av dei to bøkene eg har med (utanom Bibelen) er skrive av ein kjend pinseven, Peter Halldorf. Den handlar om kristne som søkte Guds nærvær i øydemarka. Eg kjenner meg litt beslekta med dei når eg leitar etter spor av Guds nærvær i det sommarlege kristen-Noreg.

0 Svar to “Halvt uteliggjar, halvt journalist”