Sluttar og byrjingar

Ein veldig lang epoke er over. 20 års skulegang tok slutt for meg i går då eg forsvarte masteroppgåva mi “Reportasjen som litterær genre” for tre professorar. Dermed er mastergraden i boks! Eg kjenner meg på ingen måte utlært, men eg har i alle fall lært meg å læra. No tek det lange sjølvstudiet til, som vel kjem til å vara livet ut.

Elles er det mykje som skjer i nyheitene for tida. Oljeprisane stig mot stadig nye høgder, slik at indiske bønder no tek til å gå tilbake til å nytta kamelar, skriv Morgenbladet. I USA er dei fleire flyselskap som må instilla avgangar då dei ikkje har råd til drivstoff, og folk tek offentleg transport. Eg fekk med meg at ei talskvinne for g8-landa nyleg sa at dei ikkje skjønte kvifor oljeprisane stig så mykje som dei gjer. Nokre hevdar det berre er ei oljeboble, men dei fleste peikar på den midlertidige oljelagersituasjonen, produksjonsvanskar, manglande investeringsvilje, og sjølvsagt ein enorm etterspurnad. Men ingen ser ut til å ta med i biletet at olja faktisk ikkje vil vara for alltid. Kanskje det me ser no er ein forsmak på kva som vil skje når olja verkeleg vert dyr og vanskeleg å få tak i? Når yrkessjåførane streikar og blokkerer vegane no, kva vil dei gjera då? Forhåpentleg har politikarar og andre funne nye løysingar innan den tid.

Og Lova som er like dum som samnorsk var i si tid, har glidd gjennom Odelstinget. Lova gjeld slettes ikkje berre om homofile par skal få kalla seg ektepar, nei, det er 5 ulike lovar som er skjult bak nemninga “felles ekteskapslov”. Statusen til homofile par vert ikkje forandra noko juridisk, sidan dei hadde akkurat dei same rettar og forpliktingar som ektepar i den gamle partnarskapslova (bortsett frå born, sjølvsagt). Den nye lova strir mot born sine rettar som definert av FNs menneskerettsdokument, er full av motseiingar og basert på manipulering av språket og kjensle-argumentasjon. Eit hovudargument har vore diskrimineringsargumentet. Ved hjelp av det har regjeringa greidd å unngå å føreta noko brei konsekvensanalyse av lova. Det har vore nok å kalla motstandarane for diskriminerande. Regjeringa har ikkje greidd å føra noko truverdig argumentasjon for at det er diskriminerande å ta konsekvensen av biologiske fakta. I staden har dei tydd til stempling av meiningsmotstandarane. For fyrste gong i historia har Blitzarane gått i tog på vegne av ei sittande regjering.

No i ettermiddag reiste nokre vener av meg til Oslo med eit stort banner som dei skal henga opp framfor Stortinget der det står: “Gud, tilgi oss”. Men alt er ikkje over enno. Det er kanskje tvert om no det tek til. Me får håpa at tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Inge Lønning, får rett i at dette vert tidenes minst varige lov. Snart skal lova opp i Lagtinget, der det er venta større motstand. Mykje kan skje i siste time.

Eit døme på det fekk me i dag frå Irland, der irane sa nei til den maskerte EU-grunnlova som eg har blogga om tidlegare. Det var etter som eg forstår siste mogelegheit for å avvisa lova. Dette var nyheitene.

4 Svar to “Sluttar og byrjingar”


  1. 1 Knut Rage juni 14, 2008 ved 9:27 am

    Gratulerer så mykje med mastergraden, Øystein – og lukke til no når du startar eit nytt liv som “vaksen”!

  2. 2 Øystein Lid juni 16, 2008 ved 2:17 am

    Takk skal du ha. Så det er dette som er å vera vaksen. Kva skal eg finna på no?

  3. 3 Lars Verket juni 23, 2008 ved 11:20 am

    Jeg slutter meg til gratulanten Øystein, og håper du får en lang og god karriere innen media. Ikke fordi vi er enige i alt kanskje, men fordi jeg opplever deg som grundig og redelig!
    Du skriver godt og på nynorsk. Skulle ønske jeg kunne bidra med det samme tilbake, men du får stå over med meg…

  4. 4 Øystein Lid juni 23, 2008 ved 12:28 pm

    Tusen takk, Lars! Eg håpar me møtest i sommar ein gong.


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,791 besøkjande