
(foto: A.Martinsen, Aftenpoften)
I ein spanande reportasje som står på trykk i Morgenbladet i dag, og som kan lesast HER, skriv journalisten Håkon Gundersen om den vesle bygda Viblemo og vekkjinga som inntraff der for 12 år sidan. “År 12 etter vekkelsen” heiter reportasjen, som med dette tilrådast.
Det er litt interessant å merka seg at når journalistar med eit ope sinn oppsøker kristne arrangement vert resultatet mange gonger spanande og godt stoff. Slik også då den ateistiske journalisten i A-Magasinet, Kjetil Østli, oppsøkte eit kristent sommarstevne for to år sidan. Kan lesast her. Biletet øverst er også frå den same reportasjereisa, og kan tena som illustrasjon på situasjonar fotografane og kronikørane kan få tak i viss dei berre vil bevega seg litt utanfor dei snevre Oslo-traktene og sine snevre tankemønster.
Det er ikkje så ofte kristne vert oppsøkt av aviser for å fortelja om deira veg til den kristne trua, eller om under dei har opplevt, eller ikkje ein gong når store kristne folkerørsler oppstår hender det at avisene sender ut journalistar. Det vert ikkje registrert på radaren. Morgenbladets reportasje har alle desse elementa, og får ei ganske god forteljing ut av det.
Ein liten lakmustest på at eg har orda mine i behald. Når eg søkjer på eit av Noregs to største kristne sommarstevne ‘Oase’ i lag med søkeorda ‘Nrk’ og ‘kristne’, dukkar ingenting om sommarstevnet som tel opp til 5000 deltakarar opp (men ein heil del negativ omtale av kristne). Omtrent same resultat får det andre stevnet, som kanskje er endå litt større i omfang, Evangeliesenterets Sommerstevne. Ein storleiksmessig samanliknbar festival, som ikkje er kristen, men i like stor grad ideologisk – Protestfestivalen -, får behørig omtale i alle dei store avisene. Ein kan berre konkludera som Kjetil Østli gjer i sin reportasje, at dette skuldast at dei kristne er Noregs minst tolererte gruppe.
Eg for min del er glad for å høyra til denne gruppa, og til ei avis som har bestemt seg for å vera Noregs fremste informasjonskanal med omsyn til kristne stemne og festivalar. I overimorgon reiser eg til det fyrste av dei for min del, Pinsevenene sitt sommarstemne på Hedmarktoppen i Hamar. Viss nokon er interessert i å fylgja med på det som skjer på dei ulike sommararrangementa eg skal dekkja, kan det kanskje dette vera eit godt tidspunkt å få seg eit prøveabonnement på avisa? Det kan gjerast HER.

Kommentarar