Sånn er livet hadde i går eit innslag om å flytta ut i skogen for å leva eit enklare liv (det kan høyrast her), slik David Henry Thoreau gjorde for 160 år sidan, og dokumenterte i boka “Walden”. Han ville bort frå samtida si materialisme, og leva eit liv åleine og i pakt med naturen. Thoreau sitt litterære prosjekt har inspirert ei rekkje forfattarar, nøysame pietistar, arkitektar (han byggjer seg eit enkelt hus i skogen), og ikkje minst enkle sjeler som lengtar etter eit enklare tilvere. Ein av desse er den norske forfattaren (og tidlegare Vårt Land-spaltist) Bjørn Gabrielsen, som for 3 år sidan flytta ut i Nordmarka med hundande sine. Han har ein del interessante tankar som kjem fram i P2-intervjuet.
Elles kan litt av hans historie lesast i denne reportasjen.
Tanken til Thoreau er å frigjera folk frå alt dei slavar under. Slik sett har truleg Thoreau endå meir å seia til dagens menneske. Me er slavar av så mange ting, langt fleire enn det folk var i 1854, då Walden kom ut (då var jo ikkje lyspæra vanleg, ein gong). Butikken, bilen, røyrleggjaren, datamaskinene, rotteracet, pensjonskassa, heile forbrukarsamfunnet, vekstøkonomien, oljeavhengigheita. Samfunnet er sjølvsagt veldig spesialisert, og den vesle biten av samfunnspuslespelet den enkelte er ekspert på er så liten. Samfunnsstrukturen er også ganske skjør. Matvareprisane skal ikkje gå mykje opp, før det fører til dødsfall ein eller annan stad på kloden.
Samtidig med at me er vorte avhengig av eit komplekst og skjørt system, er me vorte uavhengige av mange andre ting, som kanskje ikkje er så bra å vera uavhengige av. Me er ikkje lenger (direkte) avhengig av familien, naturen, sjølvbergingstradisjonen, medmenneske, trua. Me er med andre ord vorte framandgjorte, som er ordet frankfurter-skulen nyttar (Adorno, Benjamin) ut frå marxistisk filosofi. Menneska vert tingleggjorte i varesamfunnet, seier Arild Linneberg i annekvar førelesing han held.
I ein relativt dårleg artikkel (stadig oftare finn eg Wikipedia-artiklar for lette og lettvinte) hevdar ein Wikipedia-skribent at “Thoreau did not intend to live as a hermit, for he received visitors and returned their visits. Instead, he hoped to isolate himself from society in order to gain a more objective understanding of it. ” Ein historikar Sånn er livet snakka med kunne forklara kva slags isolasjon det eigentleg dreidde seg om. Walden var faktisk (og er) ein forstad og ein badeplass, og Thoreau levde herrens glade dagar med massevis av vener som jamleg besøkte hytta hans, og for mat snylta på mor si som budde på same plassen. Inspiratoren levde ikkje noko enkelt og naturleg liv i det heile. Og i alle fall ikkje isolert.
Lettare desillusjonert seier P2-reporteren: “Dersom du også er en av den som har drømt om et enkelt liv i en liten hytte langt inni skogen, er du helt sikker inspirert av Henry David Thoreau. Enten du har lest “Walden, livet i skogene”, eller ikke. Og da spiller det kanskje ikke så stor rolle om hva slags liv Thoreau levde der ute i hytta si. Om det er fiksjon eller virkelighet.”
Men stemmer det at alle som drøymer om eit “enkelt liv i skogen” er inspirert av Thoreau? Eg skal ikkje forkleina påverknaden av boka hans, men ein bør også vera klar over at det finst ein heil bevegelse av menneske som har gjort det Thoreau påstod at han gjorde i mange hundre år tidlegare. Innan den ortodokse kristendommen (som eg i den seinare tida har gjort meg betre kjent med) finst det ein heil tradisjon av ørkenfedre som frå 300-talet e.kr. og framover flytta ut i øydemarka, sjølvberga og isolerte, og var åndelige rådgivarar for folk som oppsøkte dei. Det var starten på munkerørsla. Noko skog var det naturleg nok ikkje i Egypts ørken, men rørsla heldt også fram i Russlands skogar, der Starets-tradisjonen fulgte i ørkenfedrene sine fotspor. Der flytta ortodokse kristne ut i skogen, dyrka sine grønnsaker, brukte resten av tida til bønn og rådgiving. For dei som treng nye inspiratorar etter at Henry David Thoreau har mista respekten, kan eg tilråda ei bok som eg driv på med: Ørkenfedrene av Peter Halldorf. Elles kan ein lesa litt om Starets-tradisjonen her.
Eg høyrte forresten ei historie nyleg frå ein kamerat som er oppvaksen i utkanten av Kristiandsand, som kan nyttast til åtvaring. Det var ein eldre mann som budde der i nærleiken i ei hytte i skogen, der han dyrka nokre poteter og det han sjølv trengte for å overleva. Han leverte ikkje noko papir til skattemyndigheitene, så snart fekk han besøk av kemnaren. Dei var overtydde om at han måtte ha ei form for formue gøymt unna, eller inntekt han ikkje rapporterte, så det endte med at mannen fekk straffeskatt. Så viss nokon skulle få lyst til å prøve på noko slikt som dette, må du fyrst finna på ein smart måte å lura papir-Noreg.

Kommentarar