Arkiv for april, 2008

Rundkøyring

I avisspaltene har det vore ein del snakk om eit rundkøyringskurs her i byen (Bergen) som berre er ope for kvinner. Det har sjølvsagt vakt forargelse i alle leirar. Ein del seier at mennene kunne også ha trengt eit slikt kurs, og det er nok heilt riktig. Problemet for somme er nok at dette luktar av deling av kjønna i ein undervisningssituasjon. Kvifor skal kvinner få kjønnsspesifikk opplæring i trafikkreglar når døtrene deira fint må dela skulebenk med gutar i skulesystemet? Eg trur tvert om at skulesystemet kan ta hintet: når vaksne kvinner vel å verta underviste for seg sjølve, ville kanskje ikkje døtrene deira valt det same i andre undervisningssituasjonar?

I trafikkundervisning vert det berre ekstra tydeleg at kvinner og menn har ulike utfordringar. Som ein politimann sa til Aftenposten: ”Kvinner er av og til for forsiktige, mens menn av og til er for uforsiktige. Dette er dokumentert. Ingen av delene er bra.”. Det finst ulike utfordringar for kvinner og menn, og då treng kvart kjønn undervisning på det området dei er mest utfordra. Det er også kjent at menn har generelt betre romforståing enn kvinner, og skulle såleis ha lettare for å læra til dømes lukeparkering. Menns svakheit er mykje farlegare; dei er for aggressive. Dette kan til dømes føra til farlege forbikøyringar og for stor fart.

Difor er det menn som står for dei mest alvorlege ulykkene i trafikken. Men kvinnene på den andre sida gjer fleire småfeil. Trafikkpsykolog Pål Ulleberg framhever spesielt at det førekjem ein del meir småbulking blant kvinner, men hevdar likevel at det ikkje er noko biologisk. Men skulle ein ikkje nettopp forventa meir småbulking viss evna til å tenkja romleg biologisk sett er noko mindre hjå kvinner? Og på same måte; at menn har meir av det aggresjonsrelaterte hormonet testosteron, skulle forklara den høge statistikken når det gjeld alvorlege ulukker.

Eg reknar meg sjølv som ein relativt god trafikant. Eg køyrer ikkje for forsiktig, men heller ikkje uforsiktig. Held fartsgrensene sånn meir eller mindre, køyrer seint når eg ser born, rusar ikkje bilen i bustadområde, skrur av motoren når eg ventar. (Viss eg no har stilt meg sjølv i eit litt for godt ljos, kan eg godt ramsa opp nokre av mine dårlige sider, skulle nokon krevja det. Eg kan til og med fortelja om mine to mindre stolte trafikale augneblinkar, den gongen eg braut høgreregelen og den gongen eg køyrte forbi ein trailer eg ikkje skulle ha køyrt forbi).

Men rundkøyringar har, om ikkje vore eit problem, alltid vore omkrinsa av eit lite stikk av uvisse. Gjer eg det riktig? Dette skuldast ikkje at opplæringa eg fekk i køyretimane var dårleg, men meir at mange andre trafikantar eg har snakka med ikkje har dei same oppfattingane av korrekt rundkøyringsoppførsel. Eg er audmjuk nok til å høyra på kona mi som er ein god trafikant, og har teorien friskare i minne enn eg. Sommaren 2006 lærte ho meg korleis ein skal køyra i ei rundkøyring som ikkje har utkjørsel til venstre (altså kun rett fram og til høgre).

Og no har eg lokalisert ein av syndarane. Han heiter ”Veien til førerkortet” og er standardboka i trafikalt grunnkurs. I alle fall var ho det då eg tok lappen for 4 år sidan. Det fanst ikkje noko alternativ. Eg hugsar eg søkte etter andre og betre trafikkbøker, utan hell. Ho er så dårleg. Det mest alvorlege er alle tinga som ikkje står i boka. Det nest største problemet er at forfattarane tydelegvis trur at eit bilde med mange piler kan erstatta eit ubegrensa antal innsikter og lærdommar.

Rundkøyring er eit godt eksempel på kor suverent elendig boka er. Ein skulle tru at eit tema det herskar så mykje forvirring rundt var tydeleg markert i innhaldslista under eigen heading. Men nei. ”Hestar i trafikken”, derimot, har blitt ansett som viktig nok til å få si eiga oppføring. Når det gjeld rundkøyring må ein slå opp i stikkordslista bak. Det viser seg at
rundkøyringssidene ikkje ein gong er samla på same stad, så ein må veksla mellom side 108 og 120. Ja, det er berre to sider, som stort sett går med til nokre gøyale bilete. Verre er det at nesten ingen av reglane for korleis ein skal køyra i ei rundkøyring er nemnt. Det står til dømes ingenting om at ein har vikeplikt for trafikk som kjem frå venstre. I staden står det at ein har vikeplikt for kjøretøy som er i rundkjøringen. Kanskje det inkluderer bilar frå høgre også, altså?

For å gjera forvirringa komplett har dei laga plass til fylgjande kryptiske setning: ”Å kjøre i en rundkjøring kan sammenlignes med kjøring gjennom en venstrekurve med flere vegryss fra høyre”. Den dag i dag er eg ikkje heilt sikker på om eg forstår setninga, og det etter å ha tatt fleire kurs i hermeneutikk (tolkingslære). Å nytta ein parabel (”kan sammenlignes med”) er noko ein gjer når ein vil vera mystisk. Guds rike kan sammenlignes med et sennepsfrø, er ein annan kjent parabel. Det er ikkje eit tilrådeleg verkemiddel i ei trafikkbok.

Her er også andre reglar og tips som burde ha stått i trafikkboka, men som i staden er henta frå BTs artikkel om saken.

Se på skiltene når du nærmer deg: finn ut i hvilken retning du skal, og plasser deg i riktig felt. Bruk blinklys.

Avpass farten, kjør i andre gir, maks 30 km/t. Pass på vikeplikten.

I rundkjøringer med vei til både høyre og venstre, skal du ligge til venstre når du skal til venstre. Unntak: Når skilter eller oppmerking viser noe annet.

Skal du til høyre, legg deg til høyre. Bruk blinklys.

Skal du rett frem, skal du som hovedregel ligge i høyre felt. I flerfeltsveier kan du ligge i venstre felt (for å øke trafikkavviklingen).

Sørg for å holde deg i riktig felt inne i rundkjøringen. Når du skal til venstre ut av rundkjøringen, har du vikeplikt ved feltskifte. Sjekk blindsone.

Bruk blinklys for å vise hvor du kjører ut av rundkjøringen

For min del trur eg dette er ein konspirasjon frå køyrelærarane si side. Dei ville jo ha mista businnesen sin viss trafikklæreboka var god nok. Neste gong: Høgreregelen.


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,343 besøkjande