I eit innlegg her skriv ein bloggar at religiøs forkynning bør forbys for born under 18 år, slik det er i Kina. Det er jo nært beslekta med det politisk korrekte synspunktet her til lands, der regjeringa stadig prøver å gjera kristen tankegang mindre og mindre gjeldande i skulen. Eit høgaktuelt tema med andre ord, og eg syns det er vel verdt å protestera mot utviklinga. Her fylgjer nokre av mine motargument. (fleire må gjerne delta i debatten)
Eg kan berre anta at ein del av denne argumentasjonen byggjer på nyateistar som Richard Dawkins som hevdar at all religion er skadeleg. Eg kjenner ikkje Dawkins fulle argumentasjon, men eg veit at han blant anna seier at viss me skal respektera religion som sådann, må ein også respektera trua til Osama bin Laden og sjølvmordsbombarane. Eg er for så vidt einig i at ikkje all religion bør blindt godtakast. Eit tre skal kjennast på fruktene, og bør dømmast deretter. Men å dra all religion under ein kam som skadeleg gir eit ganske fordreid bilete av røyndomen.
Det er elles ganske historielaus argumentasjon du kjem med i forhold til Kina. Nettopp Kina er jo eit døme på korleis det kan gå når ateismen vert det førande prinsippet. Frå borneskulen av vert jo ungane indokrtinerte med ateistisk filosofi, og det er også eit krav om å vera ateist for å bli medlem av det kommunistiske partiet. Kristne menneske blir derfor ekskludert frå å kunna delta i styringa av samfunnet. Det ateistiske kina har jo også vore ansvarleg for nokre av dei verste forfylgjingane av kristne me kjenner til.
Det er denne militante ateistmen kinesiske ungar vert oppdratt til å reprodusera. Det skulle i sin tur understreka at ateismen er alt anna enn ein nøytral ideologi. Ateismen er på ingen måte eit verdimessig og ideologisk vakuum. Tvert imot, ateismen er også ei tru. Det er ikkje slik at kristne trur at Gud finst, medan ateistar kan bevisa at han ikkje gjer det. Ateisme er trua på at gud ikkje finst. Så viss ein skal forby born å tru på Gud, medfører det at dei må godta den ateistiske trua. Noko trusmessig nøytral sone finst ikkje. Og som tilfellet Kina demonstrerer har den ateistiske trua mange negative biverknader. Ein kan like godt hevda at born bør beskyttast mot den skadelege ateistiske filosofien. Dessutan strir tankegangen din mot foreldreretten. Men staten veit ikkje betre enn foreldra kva oppdraging som er best for borna. Også ateistar må ha rett til å oppdra sine born som ateistar. Viss staten skal oppdra alle born på same måte ville ein jo i bestefall få eit veldig homogent samfunn, utan rom for mangfold (som er det store pluss-ordet i år).
Det er heller ikkje slik at dette som dei kristne i kina måtte skriva under på kun gjaldt forkynning for born. Det var eit forbod mot forkynning generelt (utenfor kirken). Med andre ord eit sterk begrensning av religionsfridommen og ytringsfridommen.
Vidare har du i alle fall skjønt at kristendommen (ok, du skriv religion, men eg kan berre tala for min eigen religion, eg vil ikkje nødvendigvis tilskriva religionar som islam den same verknaden) kan føra til håp, samhold og faste rammer. Det må jo vera positive biverknader av religionen. Men det er ikkje dermed sagt at kristendommen er oppkonstruert. Faktisk, det einaste som er sagt er at kristendommen har fleire gode sider. Og tilhøva i eit land som USA er eit argument mot at kristendommen berre er ein sosial konstruksjon for å takla vanskelege forhold. Som eit av verdas rikaste land (sjå gjerne bort frå vest-europa) skulle i såfall ateismen i følge din teori stått sterkt i landet. Og dei rike amerikanarane skulle i alle fall ikkje vera kristne. Så er det mange sider ved det religiøse høgre i USA eg er kritisk til, berre så det er sagt, men det ein annan diskusjon. At den sterke religiøse trua ikkje finst i det endå rikare europa stemmer heller ikkje. Til dømes her i Noreg svarte i fjor haust 40% av dei spurte i ei spørreundersøking utført av klassekampen at dei trur på Jesus som frelsar. Viss din argumentasjon var riktig skulle religiøs tru vore marginal i verdas rikaste land.

Hei Øyvind, og takk for din kommentar til mitt blogginnlegg. Jeg har skrevet et svar til deg som du finner i min blogg:
http://blog.tjomlid.com/?p=572
Ha en fortsatt fin søndag!