Det er morosamt kva ein kan finna når ein grev i gamle arkiv og epostkontoar. Her fann eg ein epost eg sendte til Dagbladets redaksjon for nokre år sidan.
Subject: Eg vil spørja deg, og du skal svara meg
Eg ville berre gjera deg merksam på noko i samband med den gode Job og hans lidingar. Du skreiv i dagens (for deg gårsdagens) Dagbladet at Job godtok sine plager utan å verta irritert eller å klaga. Ingenting kunne vore lenger frå sanninga. Viss de eig ein bibel i Dagbladet kan kapittel 3 vera ein god stad å ta til. Der seier Job at “Mine sukk har vorte mitt daglege brød, mine klager strøymer fram liksom vatnet. For alt det fæle som eg ottast for, har funne meg, og det eg gruar for, har gripe meg.” Vidare ynskjer han at han aldri hadde vore fødd, at han kunne kvila stilt som “eit nedgrave, ufullbore foster, – lik eit barn som aldri såg ljoset”. Og slik held han fram gjennom (store delar av) bokas 42 kapittel. Det skal noko til å måla seg med Job når det gjeld klaging. Men det er ein ting Job held seg for god til, som forvekslinga di nok bunnar i; han nektar å seia farvel til Gud. På det området går nok til gjengjeld Dagbladet Job ein høg gang. Det kjem vel ei retting i morgondagens Dagbladet?
![]()
Emne-tittelen er elles òg frå Jobs bok. Ha ein god dag vidare!
mvh. Øystein Lid

Kommentarar