Les denne kronikken av Frank Rossavik. Forfattaren er BT-journalist og medlem av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH). I kronikken spør han kor dei konservative har blitt av. Dei er ikkje tilstades i samfunnsdebatten, ikkje eingong i spørsmål om forslaget til ny ekteskapslov. Kvifor? Kor er dei? “Er virkelig det norske, offentlige rom blitt så snevert at konservative - eller verdikonservative - må søke tilflukt under jorden, eller i bedehusene?” spør Rossavik. Er det ikkje litt interessant at det er ein homofil og liberal mann som stiller desse spørsmåla? Det finst nemleg ikkje ein einaste konservativ kommentator i heile det sekulære pressenoreg. Ikkje ein.
Noko av svaret ligg altså i pressa sjølv. 70% av norske journalistar stemmer raudt. (i brei forstand, ikkje partiet Rødt) . Som fylgje slepp ikkje dei konservative og blå like mykje til i pressa. Dette stemmer overeins med det Frank Rossavik har funne:
Jeg gjorde i går et forsøk på å finne ut om noen lederskribenter eller kommentatorer i større medier har gått mot forslaget til ny ekteskapslov, eller mot den primære endringen - retten til adopsjon og befruktning for homofile. Ser vi bort fra de kristne avisene Dagen og Vårt Land, tror jeg vi må helt tilbake til 1998. Da argumenterte VG-kommentator Erling Bø - som noen år før jobbet i Vårt Land - mot adopsjonsrett for homofile. Men han snudde to år senere.
Så ein del av problemet er at dei konservative vert sensurerte og motarbeidde av dei sosialistiske mediene. Seier det ikkje ein del om sosialismens vesen når han skapar eit slikt einsretta debattklima? Men for oss som i tillegg er kristne forholder saka seg langt verre. Sidan dei raude politikarane er dei som heile tida har prøvd å bekjempa oss kristne og det me står for, gir dette seg også utslag i den raude pressa. Der vert kristne som vågar seg frampå hetsa og mobba til stillheit.
Er dette overdrivingar? Prova er dessverre mange. Ein ting er dei mange skjellsorda kristne må tola, slik som mørkemenn, fundamentalistar, ekstremistar, sektmedlemmer, sexualfascistar, for å stå for dei same meiningane som kristne har stått for i 2000 år, dei same som mobbarane sine eigne besteforeldre må ha stått for. BA utevnte ein kristen redaktør til årets kødd. Verre er drapstruslane, slik biskopen i Bergen har måtta tåla, fordi han ikkje vil at nokon som lever i strid med bibelen skal få vera bibellærar (prest). Eller tenk for ein skilnad det var i korleis pressa omtalte og behandla tidlegare (liberale) biskop i Oslo, Gunnar Stålseth, i forhold til korleis dei behandla noverande (bibeltru) biskop Ole Christian Kvarme. Til slutt måtte ein gamal heidersmann som Per Lønning protestera på behandlingen Kvarme fekk. Igjen i motsetning til (liberale) Rosemarie Køhn som fekk ein pris ho angiveleg fekk for “sine meningers mot”. Det burde heller stått “fordi ho meiner det same som oss”.
Anonyme truslar, heksejakt og stigmatisering er årsakar til at bibeltru kristne no går under jorda. Kristne eg sjølv har intervjua snakkar om “overvintringsstader” for dei bibeltru, etter at Den norske kyrkja no er kuppa av liberale (eventuelt av vitskremte kristne som ikkje lenger torer å stå for bibelens lære). Også kristne bloggarar opplever hets. Nyleg annonserte bloggaren Bjørn Olav Hansen at han -utelukkande som fylgje av blogginga si- no hadde skifta alle sine gamle telefonnummer. “De siste dagene har jeg mottatt en rekke svært sterke personkarakteristikker, injurierende påstander, og oppfordring til direkte hat. Selvsagt alt anonymt. Noen ser ut til å drives av rent hat.”, skreiv Hansen på bloggen sin forrige veke.
Kva var det så Hansen hadde skrive som hadde forårsaka at han hadde mottatt telefonterror og anonyme hatmeldingar? Jau, han hadde i ei rekke blogginnlegg påpeikt at no må kristne i Noreg førebu seg på forfylgjing, dei må gå under jorda, kristne må rekna med valdelege angrep pga. si kristne tru. “Jeg tror vi står foran en økt intensitet av hat mot mennesker som tror på Jesus”. Kristne har sakte, men sikkert havna i ein posisjon der dei kollektivt vert skulda for alt som er gale i samfunnet. Sjølv var eg litt tvilande om det verkeleg kunne stå så ille til i Noreg. Men når eg las kva anonyme personar hadde skrive som kommentarar til nettopp det innlegget der han skreiv om dette, (som ei slags absurd stadfesting på det han skreiv) kan ein verkeleg begynna å lura. Ein kan også rekna med at det Hansen mottok på epost og telefon var ein del verre enn det som kommentatorane skreiv offentleg på bloggen hans. De kan sjølv lesa det, det tek til ved niande kommentaren ovanfrå. No ser eg også at dei verste utfallene er fjerna av Bjørn Olav.

Bjørn Olav lir blant anna av ein hjartesjukdom, slik at han har vore mykje inn og ut av sjukehus. Kva slags folk er det som brukar dette mot han? Ein anonym kommentator krever at sidan Bjørn Olav trur på Gud, kan han ikkje bruka medisinar, sidan desse er framstilt av vitenskapen, og alle veit at for kristne er vitenskapen satans redskap, skriv ein.
“Du er en dobbeltmoralsk hykler som i teorien forkaster vitenskapen, men likevel baserer du livet på den. Du er ikke akkurat en ung mann lenger. Du har sannsynligvis gått til legen for å skaffe deg medisiner? Hvis du er slik en overbevist kristen, hva pokker gjør du hos de djevelske vitenskapsmennene?” Og vidare: “Det føles sikkert ordentlig deilig å kunne vise seg fram som from og forfulgt i all offentlighet.”.
Er det nyateismen og sosialismen som skaper slik rå og hjertekald, og ikkje minst bevisst fordreiande argumentasjon? Er det dette som vert resultatet av dei “livssynsnøytrale” og “verdinøytrale” haldningane som dei regjerande politikarar og aviser står for? Eg er nesten redd for å tenka tanken heilt ut.

Ein særs interessant og urovekkjande artikkel!
Tidlegare fanst det eit etter måten ganske stort miljø av konservative intellektuelle. Miljøet ligg nok framleis latent, men det er som du skriv fråverande - ikkje berre pga mobbing og hets, men like mykje for at ein kan risikera å verta straffeforfølgd av einskildpersonar, organisasjonar og statlege organ ved å ha klåre meiningar om ymse emne, då særleg om homofili og muslimsk innvandring
Ein artikkel me også burde sjå på trykk!
Takk! Og ja, saksøking gløymte eg å nemna. Men så vidt meg bekjent har ingen som har vorte saksøkt pga. noko vedkomande hadde sagt vorte domfelt. Med eit mulig unntak for ein sak mot ein nynazist som eg ikkje hugsar utfallet av.
Eg beklagar forresten at eg så fråverande på din blogg, men eg må vedkjenna at eg ikkje kjenner meg heilt heime der. Saknar gamle bibliotekreisa.
Ja, interessant, dette her!
Eg veit neimen ikkje kva eg skal tru, men eg òg vart sjokkert over kor skarp kritikken verkeleg var på Hansen sin blogg.
På debattsidene til Aftenposten.no der ein kan kommentera artiklar, var det ikkje mykje eg skreiv før eg gav opp. Men dette var ikkje berre om klassiske kristne kampsaker. Uansett kva diskusjonane der handlar om, vert innlegga nærmast kvar gong sinte, subjektive og usaklege, og sensuren er minimal.
No er nok nettutgåva av avisa ein god del meir tabloid enn papirutgåva. Men det verkar som at skal ein føra ein sakleg diskusjon med upopulære, men saklege meiningar, begynnar det å bli best å halda seg utanfor det offentlege rom. Og det er jo trist, med tanke på det offentlege rom.
Har du forresten lese Tore Vaag sitt nyaste blogginnlegg om same artikkel?
Takk for innspel, Hallvard. Beklager seint svar. Me har vore sjuke heile veka som gjekk.
I etterkant av at Rossavik skreiv innlegget sitt, har det vore mange kommentarar om det i Dagen. Det er jo ein av stadane der dei konservative har gøymt seg. Eventuelt, der dei kjem til orde. Dei konservative er ikkje samde om kva dette fenomenet skuldast. Ludvig Nessa kommenterte at han meinte media var ute (og hadde rom for) etter tydelege stemmer, som sto for noko. Espen Ottosen fann ein tendens til at kristne kun gjekk inn i debattar som andre hadde starta (slik dei gjorde i dagen etter at rossavik satte dette på dagsorden), i staden for sjølve å koma med utspel og setja ting på dagsorden. Ein pastor meinte at det delvis skuldast latskap, at ein ikkje var villige til å setja seg inn i kompliserte saker i “informasjonsalderen”. Så semje var det ikkje.
Og det du nemner om generelt usivilisert debattkultur på nettet er eit godt poeng, særleg når det gjeld det eg skreiv om blogginga til BOH. Eit tiltak er heilt sikkert å forby anonymitet slik BOH no har begynt med. Det same med enkelte nettaviser gjort, samt innført ein off topic-klausul. Anonymitet er ei ganske kunstig greie som ikkje samsvarar med korleis me kommuniserer elles. Så har eg også høyrt rykte om at enkelte organisasjonar og politiske parti har ansett folk til å delta i nettdebattar med sine politiske synspunkt. Viss det finst folk som har det som jobb å spre mest mogeleg propaganda i nettsamfunnet vil jo det måtta bli kaotisk.
Tore Vaag (hlewagastir) sitt innlegg las eg også. Han nemner jo den same venstrevridinga av media som eg nemnte, men interessant nok fekk han ein kommentar på det tydelegvis frå ei “raud” dama som meinte at det heller var eit ganske stort sprik mellom det dei på (ytterste?)venstresida meinte og det avisene stod for. På det standpunket står også Jan-Inge Sørbø, som hevda at det kun gjekk an å meina 3-4 ting i Noreg. Alle ytterpunkt anten til venstre eller høgre vart sensurerte meinte han, og viste til korleis Georg Johannesen vart ekskludert av media. Er det nokon venstreorienterte lesarar som kjenner til fleire tilfelle? Georg Johannesen var jo eit veldig spesielt tilfelle; han trakka jo på alle føtter og slengte om seg med injurierande påstandar. Kanskje det er riktigare å seia at det som er politisk korrekt å meina har forflytta seg mot venstre? Det er kanskje framleis råd å stå til venstre for den rådande tidsånda, og såleis verta sensurert, men eg trur det er mykje lettare å stå for langt til høgre. Eg publiserer dette som blogginnlegg også.
Forvitneleg innlegg! Viss du vil sjå meir i same gata, kan eg tilrå deg å lesa http://www.maalmannen.blogspot.com og tilhørande kommentarar til ein del innlegg, der kommentarane dels kan vera på grensa til det utrivelege. Det er slik no at dei som hev det ein kan kalla klassiske kristne syn på ein del ting, må rekne med mykje ubehag viss ein torer standa fram med det offentleg.