Kor står du politisk?

Kva betre måte å begynna det nye året på enn å finna ut kor du står politisk? 2007 var det fyrste året eg hevda at eg befann meg godt planta i sentrum, men litt til venstre. I dag, etter tilråding frå den gode bloggen Hlewagastir, tok eg ein test som skulle avkrefta eller stadfesta min påståtte politiske ståstad. Sjølve testen er ganske kort (60-70 spørsmål?) og kan takast her.

Testen demonstrerer kor lite egna den tradisjonelle venstre høgre-aksen er til å skilja mellom ulike politiske ståstadar. (Den lokale varianten her til lands, der ytterpunkt som ein finn i frp og sv båe kan kalla seg liberale). Eit langt steg framover står Political Compass som opererer med to aksar, ein som måler kor autoritær eller liberal du er, og ein som målar kor du står i økomiske spørsmål.

Heldigvis for meg er resultata mine ganske politisk korrekte, så difor kan eg publisera dei her. Viss eg hadde vore klint nede i høgre hjørne eller i øverste venstre kvadrat ville eg nok ikkje tort å sei kor eg sto. Men det gjer meg jo også litt betenkt at eg kan definerast som politisk korrekt.

ScreenShot00037
Eg vart litt overraska over kor langt til venstre eg havna på den økonomiske aksen. Eg mistenkjer at resultatet ville vorte noko annleis viss testen hadde hatt norskare spørsmål. Eg har i alle fall ein betre ide om kor eg står enn berre ved å definera meg til venstre eller høgre. Litt opplyftande er det å sjå at eg er omtrent på same stad som ein heidersmann som Nelson Mandela. Også paven og eg er samde om økomiske spørsmål, kan det sjå ut til, medan han er noko meir autoritær enn eg. Kanskje ein konsekvens av at han sit på Peters stol og stundom får snev av ufeilbarlighet.

internationalchart
Og endå meir politisk korrekt: Georg W. Bush befinn seg langt, langt unna min posisjon.

Det evige paradokset med forenkla modellar kjenner de sikker til. Dess enklare modellen er, dess mindre i tråd med røyndomen vert han. Sagt på ein annan måte: Dess større målestokk eit kart har, dess mindre i tråd med terrenget. Og dess meir detaljert ein modell er, dess mindre føremålstenleg vert han som modell. Dess meir detaljert eit kart er, dess vanskelegare vert det å navigera etter. Ein må finna ein balanse. I ytterste instans er det også det det handlar om når ein hevdar å vera i sentrum.

6 Responses to “Kor står du politisk?”


  1. 1 Mads January 3, 2008 at 8:22 pm

    Du lurte i alle fall meg til å prøve. Eg hamna på -6,38 og -5,33 (ca. tre ned og tre til venstre for deg) — tydelegvis ein mellomting mellom Lama og Mandela.

  2. 2 Øystein Lid January 4, 2008 at 3:58 am

    Øyøyøy, du er endå lenger unna George W. Bush. Godt. Det er jo litt interessant å finna deg her i min kvadrant. Før øvrig ein ganske sparsommeleg befolka kvadrant samanlikna med øverste høgre kvadrant! Eg skjønar ikkje kva dei ser i den kvadranten sin der oppe.

  3. 3 hlewagastiR January 4, 2008 at 12:43 pm

    Me er “centrists” båe to, ser det ut til, men du er litt meir “leftist” økonomisk. Eg vil tippe mange nordmenn blir det, da me er so vane med ein aktiv stat i økonomien.

  4. 4 Øystein Lid January 5, 2008 at 12:46 pm

    Ja, men eg merka på meg sjølv at når eg var i tvil om eit spørsmål, var det ofte mi religiøse overtyding som vann min interne diskusjon. Til dømes var eg i tvil om spørsmålet som gjaldt om rikfolk burde få betala for betre helsetenester enn dei fattige. Eg tenkjer som så at sidan det var kristne som pionerte helsetenestene i romarriket ved kristendommens frambrot, kan me rekna med at dei ikkje tok betalt for tenstene, og heller ikkje gjorde skilnad på rike og fattige, slik Paulus hadde påbode. Også i tråd med dei fyrste kristne sin hang til felles økonomi vektlegg det sosiale framfor det individuelle. Så eg trur ikkje det fyrst og frømst er mi norskheit som dreg meg i den retninga. Bibelens balanse mellom fridom og ansvar (”alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar” ;) plasserer meg i sentrum. Samtidig ser ein at fridomsomsyn i paulus si tenking må vika for sosiale omsyn, slik at ei lite overvekt mot sosial tenking finn eg. I romarbrevet kapittel 14 til dømes: “Rett nok er alt reint, men det er vondt for det mennesket som et når nokon støytar seg på det. Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som bror din støyter seg ved.”

  5. 5 Askild January 6, 2008 at 11:28 am

    Morsomt tips det der, Øystein. Eg havna på nøyaktig same posisjon som Dalai Lama, det får ein vel ta som eit godt teikn…

  6. 6 Knut Rage January 8, 2008 at 3:07 pm

    Economic Left/Right: -2.62
    Social Libertarian/Authoritarian: -0.72

    Omlag som eit Høgre-medlem?

Leave a Reply




Kategoriar