Arkiv for januar, 2008

Nyanseringar

I etterkant av at Frank Rossavik skreiv innlegget sitt, har det vore mange kommentarar om det i Dagen. Det er jo ein av stadane der dei konservative har gøymt seg. Eventuelt, der dei kjem til orde. Dei konservative er ikkje samde om kva dette fenomenet skuldast. Ludvig Nessa kommenterte at han meinte media var ute (og hadde rom for) etter tydelege stemmer, som sto for noko. Espen Ottosen fann ein tendens til at kristne kun gjekk inn i debattar som andre hadde starta (slik dei gjorde i dagen etter at rossavik satte dette på dagsorden), i staden for sjølve å koma med utspel og setja ting på dagsorden. I tillegg kunne dei vera forutsigbare og keisame i sine kommentarar, meinte Ottosen. Ein pastor meinte at det delvis skuldast latskap, at ein ikkje var villige til å setja seg inn i kompliserte saker i “informasjonsalderen”.

Det Hallvard nemner om ein generelt usivilisert debattkultur på nettet (i ein kommentar til førre innlegget) er eit godt poeng, særleg når det gjeld det eg skreiv om blogginga til Bjørn Olav Hansen. Eit tiltak er heilt sikkert å forby anonymitet slik BOH no har begynt med. Det same med enkelte nettaviser gjort, samt innført ein off topic-klausul. Anonymitet er ei ganske kunstig greie som ikkje samsvarar med korleis me kommuniserer elles. Så har eg også høyrt rykte om at enkelte organisasjonar og politiske parti har ansett folk til å delta i nettdebattar med sine politiske synspunkt. Viss det finst folk som har det som jobb å spre mest mogeleg propaganda i nettsamfunnet vil jo det måtta bli kaotisk.

Tore Vaag (hlewagastir) nemner den same venstrevridinga av media som eg nemnte, men interessant nok fekk han ein kommentar på det tydelegvis frå ei “raud” dama som meinte at det heller var eit ganske stort sprik mellom det dei på (ytterste?)venstresida meinte og det avisene stod for. På det standpunket står også Jan-Inge Sørbø, som hevda at det kun gjekk an å meina 3-4 ting i Noreg. Alle ytterpunkt anten til venstre eller høgre vart sensurerte meinte han, og viste til korleis Georg Johannesen vart ekskludert av media. Er det nokon venstreorienterte lesarar som kjenner til fleire tilfelle? Georg Johannesen var jo eit veldig spesielt tilfelle; han trakka jo på alle føtter og slengte om seg med injurierande påstandar. Kanskje det er riktigare å seia at det som er politisk korrekt å meina har forflytta seg mot venstre? Det er kanskje framleis råd å stå til venstre for den rådande tidsånda, og såleis verta sensurert, men eg trur det er mykje lettare å stå for langt til høgre.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,400 besøkjande