Viss nokon freistar å seia kor lang tid det er att til jol, skuttar eg meg, skyt rygg og freser. Det er vondt med alt som ikkje er gjort. I går då me sat rundt middagsbordet sa kona mi at me måtte passa på å ikkje kjøpa inn noko mat komande veke. Kvifor skal me ikkje kjøpa mat neste veke, ville eg vita. Jau, me skal jo vera vekkreist så lenge, var svaret. Då slo eg hovudet i bordet og sa: Er det så kort tid att til jol?
Noko av forklaringa på dette er at den berbare pcen min, som eg sit og skriv masteroppgåva mi på kvar dag, har lulla meg inn i nokre søte illusjonar. Han har fortalt meg at november i år varte ein heil del lenger enn vanleg, ja, i dag er det faktisk berre den fyrste desember. Det er all verdens tid til å kjøpa alt som er ukjøpt og skriva alt som er uskrive. Fyrst då eg såg at han plutseleg ein føremiddag hevda at klokka var 2123 fatta eg uråd. Pccens interne urverk hadde gått av ved døden, og klokka gjekk no berre når pcen var påskrudd. Tida var gått frå oss.
Den harde sanninga, at det er 7 arbeidsdagar att før jol, lukka seg som ein mørk boks over tankane. Heldigvis hadde eg ein klok studierettleiar som kone som kunne forsikra meg om at alt kom til å gå bra, at eg var på rett spor og at rettleiaren min er svært erfaren og ville sagt i frå viss eg var på villspor, og viktigast av alt; at eg har fått utsatt oppgåvefristen med eit heilt semester til 1. juni. (det var uråd å søkja om berre 2 månaders utvida frist slik eg eigentleg hadde tenkt).
Dei mange fasar og prosessar ein gjennomgår i løpet av ei hovudfagsoppgåve (eit ord eg likar betre) kunne vore skrive heile hovudfagsoppgåver om. Kanskje det har vore gjort, for alt eg veit. Eg etterlet dykk med eit bilete frå førebuingsfasen til den fyrste eksamenen eg hadde på universitetet som eg besto. (Som enkelte veit, strauk eg med glans den fyrste exphil-eksamenen eg hadde.)

FOTO: INGVILD LID

Kommentarar