
For 130 kroner har eg kjøpt meg eit årsabonnement på ein Flickr pro-konto. Det betyr blant anna at eg kan lasta opp og syna så mange bilete eg måtte ynskja, i motsetning til at berre mine 200 nyaste bilete var offentleg tilgjengeleg. Eit av bileta som ikkje lenger var synleg var det fyrste biletet omverda såg av Victoria. Teke då ho var nyfødd, og lasta opp via mobilkameraet mitt frå parkeringsplassen utanfor sjukehuset.
Men dette betyr ikkje at eg frå no av har tenkt å lasta opp flaumar av bilete til Flickr. Eg kjem til å halda fram med å lasta opp kun dei som på eit eller anna vis er av interesse for meg eller omverda. Men ei viss auke vil det bli, for eg skal begynna med å lasta opp dei beste av mine gamle fotos også. Dette i tilfelle pcen min skulle sjølvdestruera så har eg i alle fall mine beste bilete samla på ein stad.
Men det er eit teknisk problem med dette. Som i bloggverda for øvrig er Flickr innretta slik at han viser alltid dei nyligast opplasta bileta fyrst i biletstraumen, medan eg skulle ynskja han kunne sortera dei etter dato bileta vart tekne. Men i mange tilfelle når det gjeld dei gamle bileta så har dei ikkje eingong datostempel, så dei må uansett daterast manuelt i Flickr. Målet er i alle fall at her i biletstraumen min skal alt havna i riktig orden og rekkefylgje. På enkelte område er Flickr fantastisk nyvinnande, på andre håplaust tungrodd. Eg skal ikkje plaga dykk med detaljar om det. Men det vil sikkert bety at for dei som abonnerer på bileta mine at nye og gamle bilete vil dukka opp om einannan. Så er de åtvarte. No i mørketida er det lite eg får tatt av bilete uansett, så då passar det bra å ”bla litt i gamle album”.
Eg startar det heile med eitt bilete av Ingvild og eitt av meg, båe frå same framkalte film, teke våren 2002 på Lofthus, som nokre av dei eldste eg har på harddisken. Det verkar utruleg lenge sidan! Det er noko med vårfargane og stemninga som er fanga i desse bileta som eg gjerne vil hugsa.

p.s. Ein litt interessant ting eg oppdaga no når eg manuelt forandra datoane på desse to bileta i Flickr var at dei krev at datoen biletet er teke på må vera ein stad mellom dagens dato og 1825! (Då kan dei ikkje ha tenkt på Likkledet i Torino, eller kva, Knut?)

Kommentarar