Det tek vel til å verta på grensa til hovmod å påpeika kvar gong mine gode idear vert sett ut i livet av nokon andre enn meg sjølv. Fyrst var det Georg Johannesen-sitatboka, deretter masteroppgåva, og no har nokon jammen fått 28 000 underskrifter på eit forslag eg fremma i 2006.

På nevnte innlegg på familiebloggen skreiv eg:
“I ei fornuftig verd skulle det sjølvsagt vore omvendt. Slik at folk som på død og liv ville ha reklame i postkassane sine, DEI skulle ha eit klistremerke som spesifiserte dette.”
No har organisasjonen Grønn Hverdag starta ei nettside ved namnet neitakk.no, som har dette som si einaste kampsak. “Kampanjen Neitakk.no krever at dette prinsippet snus, slik at de som ønsker reklame heller markerer dette med å si ja takk.” For øvrig er alle oppmoda om å skriva under på denne sida.
Posten er naturligvis livredde for at dette skal bli røyndom, og sprer frykt om kva konsekvensar ei slik omsnuing vil få. Men Svein Gunnar Karlstrøm i Grønn Kvardag har eit godt motsvar: “Det er en dårlig forretningsidé å satse på distribusjon av et uønsket produkt, som bidrar til 40.000 tonn unødige CO2-utslipp“, seier han til BT.
Det verkar ikkje som om postens tenking står i fare for å få noko gehør korkje hjå blå eller raude. Sosialistar er opptekne av miljø, og har lite til overs for kapitalisme som går ut over miljøperspektivet. Og kapitalistane på si side har ikkje noko til overs for posten sitt monopol, og vil med glede ynskja velkomen aktørar som kan tenkja nytt der posten ikkje greier å tenkja utanom vante tankebanar.
Dette med at folk kan få same idéen uavhengig av kvarandre har me mange døme på opp gjennom historia. Eg lurar på kvifor det er slik? Til dømes oppfinninga/oppdaginga av fotografiet, motoren, flyet, oksygenet, hadde fleire variantar av nesten same konseptet samstundes. Som vanleg kjem wikipedia til hjelp:
“Multiple simultaneous discovery is actually a surprisingly common phenomenon, perhaps largely explained by the idea that previous contributions (including the emergence of contradictions between existing theories, or unexpected empirical results) make a certain concept ready for discovery. Simple priority disputes are often a matter of documenting when certain experiments were performed, or when certain ideas were first articulated to colleagues or recorded in a fixed medium.”
I alle fall ventar eg med spaning på at fylgjande link skal verta levande! http://www.politisklogikk.no/

0 Svar to “Samtidige idéar”