I dag fekk eg ein av mine gode, utopiske idéar igjen. Vanlegvis vert dei kvelt i startfasen slik at dei ikkje kjem ut or hovudet mitt ein gong, særleg fordi eg må skriva på masteroppgåva. Men eg gjer eit unntak nett i dag.
Eg syns staten kunne ta ein del av sine mange nyansatte kommunikasjonsmedarbeidarar, som er der for å forvirra og forvanska jobben til journalistar, og overføra dei til ei ny stilling som eg herved skal definera. Den nye stillinga skulle gå ut på å laga ei stor nettbasert, offentleg oversikt over alle for og mot-argument som dukkar til overflata der politikk vert diskutert. Til dømes skulle dei ansatte i etterkant av kvar stortingets spørretime analysera dei ulike spørsmåla og underspørsmåla og setja dei ulike argumenta opp mot kvarandre pro et contra (som berre er den logisk-faglege måten å seia for og mot på). Dei måtte gjerne vera utdanna i logikk, slik at dei lett kunne sjå kva argument som var variantar av gamle argument, og kva spørsmål som var variantar av gamle spørsmål. Der spørsmål likna på kvarandre kunne ein sjølvsagt linka til dei tilsvarande spørsmåla. Ein burde føra opp kva partitilhøyrigheit vedkommande hadde som framsette argumentet, slik at folk kunne danna seg eit bilete av kven som meiner kva i norsk politikk. I dei tilfella der politikarane henviste til ulike forskingsrapportar i sine argument, burde desse rapportane vera henviste til (slik det er i til dømes Wikipedia), dessuten burde argument-analytikarane undersøka om rapporten verkeleg støtta argumentet.
I praksis er det vel slik at for kvart nye for-argument, finst det eit mot-argument, så meininga ved systemet var ikkje å koma fram til kva som er det rette svaret på dei ulike spørsmåla, men gi folk ein mogelegheit til å gjera seg opp si eiga meining basert på ulike argument. Eg trur ikkje deira syn ville verta bestemt av kven som fekk det siste argumentet i den aktuelle lista over for- og motargument, men dei kunne sjå kva argument dei tykte var viktigare enn andre. Til dømes i friskulespørsmålet ville enkelte favorisera argumenta som støtta “lik utdanning for alle”, medan andre ville likt betre argumenta som støtta “fritt val av skule”. Dette ville også vorte ei nettside der politikarar kunne gå inn og sjå kva motargument dei ulike synspunkta dei hadde ville verta møtt med, slik at dei i sin tur kunne førebu nye motargument. Det ville auka kvaliteten på den politiske debatten.
Eg hentar eit døme frå Konrad Rokstad si bok “Kommunikasjonslogikk”. Der vert spørsmålet om karakterar i skulen bør avskaffast diskutert. p2 betyr andre pro-argument. c1c1p2 betyr motargument mot motargumentet til p2.
p1: Presset for å oppnå resultater blir mindre.
p1p1: Skolemiljøet blir mer avslappet slik at stress og psykisk belastning blir mindre både for elever og lærere.
c1p1: Et visst press er nødvendig for å lære, og er følgelig ikke bare skaedlig.
p2: Evnen til samarbeid blir bedre utviklet i stedet for konkurranseinstilling.
p1p2: I dagen konkurransesamfunn er evnen til samarbeid viktigere enn sansen for konkurrasne, som lett kan drive utviklingen i uønskede retninger.
c1p2: Skolen gir elevene feilaktige forventninger og mangelfulle forutsetninger for det virkelige arbeidslivet.
c1c1p2: Skolen bør gå foran og skape “gode” holdninger hos den oppvoksende slekt.
c1: Kunnskapsnivået blant elevene vil synke.
p1c1: Elevene mister et viktig motiv for å ta skolearbeidet alvorlig.
c1c1: Kunnskap som læres bare fordi en får karakterer er ikke så viktig.
c2: Lærerne mister sitt kanskje viktigste “disiplineringsmiddel”.
p1c2: Lærerne får større vansker med å opprettholde ro og gode arbeidsrutiner blant elevene.
c1c2: Det må satses på andre midler som står i et mer reelt forhold til de mål skolen skal realisere.
c1c1c2: Dette krever langt større ressurser enn man per i dag disponerer.
c3: Både elevene selv og andre som vurderer dette, mister det mest hensiktsmessige grunnlaget for å vurdere hvorvidt den enkelte elev skal gå videre i utdanningssystemet.
p1c3: Det blir mer tilfeldig og mindre rettferdig hvem som får tildelt plass hvor ved videregående utdanningsinstutisjoner.
p1p1c3: Uformelle vurderinger gjør det vanskeligere å sammenligne søkere, og søkeren selv vet ikke så godt hvor han/hun står faglig i de forskjellige fag.
c1p1c3: Tilfeldighet kan spille inn ved karakterfastsettelse, og “flinkhet” på grunnskolenivå er ikke alltid en pålitelig indikasjon for hvem som vil være best skikket i det videre løp.
(Rokstad, s. 119-120)

0 Svar to “Politisk logikk”