Arkiv for oktober, 2007

40% nordmenn trur på Jesus som frelsar

På oppdrag frå Klassekampen har Sentio spurt eit representativt utval nordmenn om deira forhold til den kristne trua, og resultatet er oppsiktsvekkjande. På spørsmålet “Tror du Jesus døde på korset for våre synder?” har 40,3 prosent faktisk svart ja. Spørsmålet var altså ikkje “Kom Jesus for å døy for syndene våre” eller “Er du kristen” eller “Trur kristne at …”, men trur DU at Jesus døydde på krossen for syndene våre. Viss ein svarer ja på eit slikt spørsmål tyder det at ein er kristen. Meir er det ikkje som skil kristne frå ikkjekristne; svaret på eit enkelt spørsmål.

Ei større statistisk undersøking av dette har ikkje vore gjort sidan 1998. Då svarte 22,2 prosent at det passa bra med deira oppfatting at Jesus er ein frelsar som døydde for syndene våre, medan 11,6 prosent svarte at det passa delvis. Sjølv om ein legg saman desse to tala har det uansett skjedd ei markant auke dei siste 10 åra. Med mindre mi prosentrekning er heilt på jorde, skulle dette tyda at det er blitt cirka 280 000 fleire kristne her til lands. Klassekampen melder òg at 51,6 prosent trur på Gud.

Eg har fulgt med på desse tala så lenge eg har visst om at slike undersøkingar vert gjort jamnleg, og har år etter år fulgt den nedovergåande trenden. Eg kan hugsa at det tidlegare år har gått frå 33% kristne til stadig mindre prosentandel. Eg skjønar ingenting. Ei slik auke som dette ville me ha merka i vekkjingsrapportar i t.d. avisa eg stundom jobbar for. I dei kristne avisene har me i staden lese om sviktande besøkstal, vanskeleg økonomi og stagnasjon. Ja, eg har sjølv skrive om det! Frå misjonsstormakt til misjonsmark på 30 år, skreiv eg for få månader sidan, etter at utanlandske misjonærar hadde dukka opp i Noreg. Kan dette forklarast på andre måtar? Kan denne stille vekkjinga ha skjedd andre stader enn i dei tradisjonelle kyrkjelydane? Kan det vera eit resultat av innvandring?

I barnehagen som V går i er det slik at når jola eller påsken kjem får ikkje borna vita kvifor desse høgtidene vert feira. Julenisse og påskeegg er alt borna får vita. Det av omsyn til at Noreg er fleirkulturelt samfunn med mange ulike religionar og livssyn. Problemet er jo at dette resulterer i ein ateistisk praksis. Men meir enn 50 prosent av nordmennene trur på Gud melder Klassekampen, og 80% prosent er medlemmer av Den norske kyrkja. I staden for å kalla Noreg pluralistisk, må det vera betre å kalla det fleirreligiøst. I tillegg veit me at mange muslimar let borna gå på kristne friskular i staden for dei ateistiske offentlege skulane. Les til dømes HER og HER.

Den religiøse majoriteten i Noreg har nok òg sterke oppfatningar om saker som den varsla endringa av ekteskapslova. Alle ordbøkene må brennast og omskrivast viss lova vert endra slik politikarane meiner! Viss lova vert innført vil det vera på tross av folkets vilje, akkurat slik det var når fosterdrapslova vart innført. Den gongen blei lovforslaget imøtegått av Noregshistoriens største underskriftskampanje. Ein vil jo gjerne tru at i eit demokrati er politikarane sett til å gjera folkets vilje. Men slik er det ikkje i Noreg.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,343 besøkjande