Ny komposisjon

Eg har begynt å spela eit nytt instrument. Det er eit ganske kontemplativt instrument, som ein må læra å kjenna godt før ein meistrar. Min fyrste komposisjon berer nok litt preg av det, men syner samstundes kva potensiale det har. Last ned film av utøvaren (meg) her, eller berre lydfila her. Arbeidstittelen er “hengslete”, men eg mottek betre framlegg med takk.

7 Svar to “Ny komposisjon”


  1. 1 Øystein Lid september 18, 2007 ved 8:28 pm

    Av ein eller annan merkeleg grunn får fila etternamnet .avi når eg prøver å lasta ho ned. Nokon som skjøner kvifor? Viss det skjer med dykk òg, kan de omdøypa ho til .wmv-fil i staden. Men viss filmen fungerer som avi-fil òg, så er det jo ikkje noko problem.

  2. 2 Knut Rage september 19, 2007 ved 10:32 pm

    Såg den i ein pause på jobben, men lo slik at eg måtte skru av. Herlig. Og i grunnen – spanande lyder. Mykje ein kan gjera ut av dette.

  3. 3 Hallvard september 20, 2007 ved 12:48 am

    Hehehehehehe=D

  4. 4 Knut Rage september 20, 2007 ved 5:52 pm

    Men kvifor ha du gjeve filmen filformatet wmv.avi Smør på flesk kallar me sånt der eg kjem frå!

  5. 5 Knut Rage september 20, 2007 ved 5:52 pm

    Å, nå såg eg det du hadde skrive over…

  6. 6 Øystein Lid september 21, 2007 ved 12:58 am

    Ingvild hadde gjort akkurat det same som deg Knut, sett videoen på jobben. Med dei konsekvensane det naturleg nok fekk. Eg burde ha tenkt på å leggja inn ei åtvaring mot det der. Sjåast åleine!

  7. 7 Ketil september 21, 2007 ved 6:49 pm

    Supert! Skal me starte band? Eg kan spele på gamle planker.


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,791 besøkjande