Om myter

I dag las eg ferdig siste boka i Harry Potter-serien. Det er ingen andre eg kjenner som har lese dei. Eg lurar på kva som skil meg frå dei, som finn bøkene lesverdige. Eg fekk ein telefon i dag, telefonisten spurte om Harry Potter-bøkene ikkje berre var underhaldningslitteratur, dvs. at ein ikkje ville få noko språkleg-estetisk ut av dei. Ein finn dårlegare skrivne bøker, sa eg, men for min eigen del les eg bøkene mest pga. handlinga. Utan å røpa for mykje kan eg sei at ein underliggjande tematikk handlar om å ofra seg sjølv for ei større sak, eit emne som i lang tid har interessert meg. Dessutan har J.K. Rowling ein svært treffsikker sans for anagnorisis eller peripetia eller vendepunktet i handlinga, der ein ser alt i eit nytt ljos. Det er ei av bøkene sine beste sider, slik eg ser det. Eg må sei det er litt av eit kunststykke å knyta saman alle dei lause trådane i dei 6 tidlegare bøkene til ein koherent mytologi.

Apropos mytologi, etter at eg hadde besøk av ein ven som på det sterkaste tilrådde meg å høyra på eit program som går på P2 om morgonane, Mytekalenderen, har eg kvar morgon stått opp klokka halv 7 for å få med meg programmet. Eg burde nok ha skjønt det ut frå tittelen, men det gjorde eg ikkje, at det dreidde seg om P2s andakts-erstatning. Behovet for metafysisk spekulasjon på morgonkvisten er noko eg ikkje heilt skjønar. For min del orkar eg ikkje høyra radio tidleg om morgonen. Nei. Eg må ha det stille og så må eg ha kaffi. Inget annat. Når eg skriv at eg har stått opp kvar morgon klokka halv 7 for å høyra på eit radioprogram vil dei som kjenner meg intenst godt, vita at eg lyg. Nei, eg gjorde noko lurt i staden. Eg måtte lasta ned to program, overtyda dataen til å gjera 4 etterfylgjande oppgåver på eiga hand for å få det til, men: Dataen tek no radioprogrammet opp for meg kvar morgon. Snilt av han. Og så latar eg som at eg ikkje veit at programma ligg tilgjengeleg på nettradio. Men eg kan lagra programma så lenge eg måtte ynskja! Haha! Eg veit at eg treng psykiatrisk assistanse for å avvenda meg lagrings-manien, men det får bli ein annan gong. Men det var ein digresjon.

På nettsida til radioprogrammet kan ein lesa ein interessant og herlig tendensiøs definisjon på kva ei myte er for noko. “Myter er kollektive vrangforestillinger og historier om guder vi ikke tror på, men også kulturens grunnfortellinger.” Eg er ein fyr som godt likar myter. Eg likar litt metafysisk spekulasjon, så lenge det ikkje inntreff om morgonen. (Den britiske) Tradisjonen som Harry Potter-serien byggjer på har ein meir eller mindre felles mytekrets av primært engelsk og norrøn mytologi i botn. Eg skreiv Bachelor-oppgåva mi (eg skreiv faktisk to) om det tidlege engelske helteeposet Beowulf, og kom fram til at parallellane til ein del av J.R.R. Tolkiens bøker var påtakande.

Ein skulle kanskje tru at denne mytefascinasjonen ville vera vanskeleg å kombinera med mi religiøse overtyding. Men tvert om så opplever eg desto sterkare vesensskilnadane mellom mytene og den kristne bodskapen ein finn i evangelia. Min gamle helt og professor i middelalderlitteratur C. S. Lewis (også forfattar av Harry Potter-bøkenes kanskje viktigaste førelegg, bøkene om den parallelle verda Narnia) skriv ein stad at enten er evangelia reportasjar som held seg temmeleg nær fakta, eller så har ein ukjend forfattar føregripe den realistiske litteraturens teknikk med 17 hundreår.

Sidan eg nylig hadde lese dette, overraska det meg å finna Lewis resonnement att i ein artikkel i Morgenbladet denne veka. Professor Oskar Skarsaune skriv der at “Dersom Gud hadde blitt menneske, hadde dødd og oppstått i noe annet folk enn Israel, da ville det hele blitt «oppslukt» i mytenes verden, da ville verden blitt beriket med nok en myte.”

Israel var ikkje var prega av den type mytologi ein måtte forutsetta viss jomfrufødslar og oppstode frå dei døde skulle vera naturlege innslag i kulturen. Det ville vore heilt out of character. Jesu nærmaste medarbeidar medan han levde, Peter, skriv då også i eit av breva sine at det ikkje var oppdikta eventyr (grunnteksten har ’mythos’) disiplane fylgde då dei kunngjorde Jesu makt og atterkome, men dei hadde vore augnevitne til stordomen hans.

1 Tilbakemelding to “Om myter”


  1. 1 Hallvard august 4, 2007 ved 4:07 pm

    Dette var underhaldande å lesa! Det KAN ha med å gjera at eg sit på turistinformasjonen og slår i hel tid i skrivande stund, men eg trur min santen det er godt skrive.


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,791 besøkjande