Eg snakka med naboen min i dag som så mange av oss har aner heilt andre stader enn i Bergen. Slekta hans kom frå ei bygd som no var heilt fråflytt, ein stad i Sogn. Kvar sommar reiser dei til det gamle huset på denne staden som no tener som hytte/landsted. For å koma dit må dei reisa langs ein asfaltert veg som no sjølvsagt ikkje lenger vert prioritert av vegvesenet. Resultatet er at naturen sakte, men sikkert reokkuperer vegen. Det vaks no tett granskog på kvar side av vegen, slik at greinene frå grantrea tok borti bilen på kvar side. Han anslo at om ein ti år fram i tid ville det vera umogeleg å ta seg fram til hytta med bil!
For vår del har me i dag stått her i Borettslaget vårt i Bergen i 4 timar med tang, øks og sag og rydda skog langsmed eigedommen. Det må gjerast kvart år slik at det ikkje skal gro heilt til rundt oss. Det er litt rart å tenkja på, på den eine sida er me redde for å øydeleggja naturen, på den andre sida vil det ikkje ta særleg lang tid for naturen å fjerna alle spor etter den menneskelege eksistensen viss rasen vår plutseleg vart utrydda. I dag var det ein litt befriande tanke.

Kommentarar