Eg har spelt ein god del bordtennis i mitt liv. Dessverre er det slutt no, men eg veit å setja pris på gode utøvarar innan sporten. For tida går det eit meisterskap på Eurosport, men det er kjedelege greier. Der gjeld det stort sett å serva med mest mogeleg skru, slik at motstandaren ikkje skal greia å ta imot. Det vert lett det same om att og om att, med andre ord. Då kan eit meir interessant alternativ vera å sjå nokre gode Youtube-klipp av det ein nesten kan kalla Samba-bordtennis:

Langt meir enn det eg (eller me) kan håpe på å oppnå, men kan likavel nemna meir imponerande prestasjonar, der dei stod langt oppmed publikum og skaut salvar mot bordet.
Men sidan eg ikkje kan hugse kor eg har sett dette, får eg heller tilby ein litt alternativ, men utruleg festlig, versjon av sporten:
http://youtube.com/watch?v=4h8seVPsKYU
Men kva meiner du med “dessverre er det slutt no”? Det er då ikkje så vanskeleg å skaffa seg eit bordtennisbord og finna nokon å spela med. Gjer du deg ikkje litt meir tungsinna enn du må i denne setningen?
Ketil: Takk for det svært morosame tipset! Moralen er at det er råd å oppheva fysikkens lover viss ein har usynlege krefter på laget. Elles: Du er herved invitert til mitt o store bursdagsselskap i Lerkerinden kl 17 på sundag. Det blir Puerto Rico og truleg noko mat som Ingvild forhåpentleg vil laga.
Hallvard: Det er greit å ha ein som vaktar meg mot kvar minste pessimistiske fallgruve. Som tidlegare erkepessimist kjenner du òg terrenget betre enn dei fleste. Utsegnet var meint som realia, du veit jo at me knappast har plass til noko bordtennisbord på våre 45 KVM. Men når du seier det, hadde det kanskje vore mogeleg å skaffa seg eit slikt samanleggbart bordtennisbord som eg kunne spelt med naboane ute på asfalten?
Hehe. Det er iallfall godt du set pris på mitt arbeid mot tungsindige haldningar, men den dagen eg sit med skylappar for det realistiske og ni-stirer mot positivismen, må du sparka meg i ræva.
Eg er nok av den oppfatninga at pessimisme sjeldan fører noko godt med seg. Kanskje ein og annan god roman og songtekst, men ikkje noko meir.
Eg hadde glatt vore med på ein slik utebordtennisidé!
Og bursdagsselskap, ja. Eia, var me der.