
Eg trur ikkje ein finn norske journalistar som skriv betre enn Morten Strøksnes. I boka ”Snøen som falt i fjor” har han samla det beste han har skrive i løpet av ein 5-årsperiode. Mykje av det held seg godt, andre ting framstår i dag, berre 4 år etter, lettare datert. I dag merka eg meg ein passasje frå ein kommentarartikkel som er eit døme på begge deler:
”Vi bor i et land der den absolutt viktigste nyhetssak er at strømprisen har steget, i uke etter uke. Hele nasjonen står som hypnotiserte, med blikket stivt festet på kraftbørsenes kurver. Likevel vet det overveldende flertall av alle nordmenn at de klarer seg veldig godt gjennom strømkrisen, og at de ikke egentlig ville ha lagt merke til den om de hadde holdt seg unna media. Det er som om hele Norge spiller med i en farse, der alle later som om noe viktig står på spill, at vi også kan bli utsatt for skjebnens luner, at kulturen ikke er stabil. Strømkrisen er rett og slett blitt hyperkapitalismens versjon av kulturkrisen. Av mangel på retning og formål later vi som om vi er i ferd med å fryse i hjel. Fascinasjonen rundt strømprisen peker på noe utenom seg selv. Det samme gjør helseminister Høybråtens skrekkampanje mot røyking. Røykere er definert som syke mennesker, altså som pasienter som trenger legebehandling. Ved hjelp av pornografiske virkemidler vil han skremme folk til å bli sunne. Med blikket til en gladkristen på flatt batteri tar han det som en selvfølge at det er bra å leve lenge. Men det folk savner er snarere noe å dø for.”
Det er noko me har vore inne på her på bloggen, ynskjet om å leva for noko større enn seg sjølv, det vera seg religion eller politikk. Det gir meining til elles små og meiningslause liv. Det er ein interessant observasjon at mindre lokale kriser kan fungera som substitutt for eit større formål. Eg hugsar frå min eigen barndom når straumen gjekk, korleis alle måtte samarbeida for å gjera situasjonen best mogeleg. Ein gjekk og leitte etter lommelykt, eg på mi side tok det på meg å finna fyrstikker, (pyromane tendendsar hadde eg tidleg), mamma sette ein kjele med vatn på vedovnen, pappa ringte i telefonen (telefonen forsvann ikkje når straumen gjekk, slik han gjer no i IP-telefoni tida) for å sjekka kor langt straumbrotet hadde ramma. Personleg hugsar eg at eg tykte det var spanande når straumen gjekk. Ei slags unntaksstemning. Er det ikkje omtrent det same som trer i verk når straumprisane står i fare for å skyta i veret? Det er heller ikkje vanskeleg å koma på andre område der Strøksnes sitt resonnement har relevans. Observasjonane kan seiast å vera allmennmenneskelege.
Mindre klårsynt framstår i dag utsegnene om røykelova. Det kulturradikale hylekoret mot ’kristenfundamentalisten’ Høybråten si røykelov har i stor grad stilna i dag. Ja, lova var beint fram ein suksess. Strøksnes gjer det til eit reint spørsmål om livslengd, som om livskvalitet ikkje hadde noko å seia. Vidare set han opp ein dikotomi mellom det å leva lenge og det å ha noko å døy for, men det er ikkje eit rimeleg motsetningspar. Røyking er ikkje verdt å døy for, og livslengd har ikkje noko å gjera med å ha ei større sak å leva for. Det må jo vera saka, og kva saka sine etterfylgjarar kan greia å utretta for saka, som er det viktige. Ein kan jo leva eit kort og meiningsfult liv og i motsett fall eit langt og tomt liv.


Eg likte innlegget.
Eg undrast på om eg lever i ein slags konstant unntakstilstand her i “kibbutzen” Nordtun, som me kalte det i påsken!
Alle som kan gjera noko nyttig, trengst her, og dersom ein sjølv ikkje gjer noko, vert det ofte ikkje gjort.
Eg har visst ikkje noko særleg mål med denne kommentaren.