Reis til byen

I dag hadde eg min vekentlege bytur, og som vanleg hadde eg samla opp ein del ærend som skulle gjerast. Fyrst plukka eg opp Morten Strøksnes ”Snøen som falt i fjor” på UBBHF. Og for ei bok! Så langt i alle fall. Det er ein mann som kan skriva. Spesielt kan nemnast når han sneik seg rundt blant tungt bevepna menn som skulle vakta Bill Clinton på vitjing i Oslo, og Strøksnes spankulerer rundt på Grand Hotel, snakkar ubesværa med Arafat og Putin som båe var i Oslo i nokre få dagar, før han vert kasta ut av norsk etterretning. Strøksnes er på parti med dei små og svake, men er då heller ikkje nådig mot dei med makt. Når norsk politi slår ned på ein lovleg demonstrasjon mot det same toppmøtet med vald skriv han slik: ”En om lag 50 år gammel engelsk resielivsskribent i lusekofte viser dårlig plasseringsevne. Da tre digre politifolk griper ham i nakken, protesterer han på formelt engelsk vis (”please gentrelmen, please”), men til ingen nytte”. Dei legg òg ein sivil politimann i bakken, samt ein protesterande Aslak Sira Myre som vart dregen avgarde i politiets vald medan han skjelte dei ut og påberopte seg sin status som leiar for eit ’lovleg’ politisk parti. I ei reportasjereise til Ground Zero få veker etter angrepet, finn han plass til å reflektera over arabarane sitt syn på Vesten:

”Selv moderate muslimer ser på Vesten som en imperialistisk, arrogant og dekadent kraft som har splittet og ydmyket den arabiske verden. Vestens snakk om demokrati og menneskerettigheter skjuler, slik folk generelt ser det i Midtøsten, en viktigere agenda: geopolitisk kontroll og stabile leveranser av oljen som smører det samme systemet som har gjort dem til tapere. Verdiene Vesten representerer, som individualisme, materialisme – og globaliseringens anarkistiske og opprivende impluser – er i deres øyne en trussel mot tradisjonene som har holdt deres samfunn samlet. Problemet med denne analysen er at den helt og holdent er sann.”

Han er altså både kunnskapsrik, modig og ein god forteljar – ein sjeldan kombinasjon. Så han er sikra ein plass på lista mi. Eg tenkjer å avgrensa meg til norske reporterar dei 10 siste åra. Kanskje eg då kan få med meg ei av FG sine siste reportasjar òg [memo to self]?

Ja. Det var det fyrste – eg vart visst litt riven med av det fyrste punktet. Deretter var det Dag og Tid. Redaksjonen har lova og loge til meg i fleire veker no, om å senda dei reportasjane eg treng. I dag tok eg i staden saka i eigne hender. Men dei hadde ikkje DT på Universitetsbiblioteket, eg måtte oppsøka ei bortgøymt krypt der dei samla slikt som det siste brevet som vart skrive på norsk frå Shetland (1504?) og den største boka eg nokon gong har sett, som vart kalla Codex Flateyensis. Ho var cirka 70cm høg og tjukk som 3 biblar. Bokhylla bokstaveleg talt krenga under vekta. Kva Codex Flateyensis er for noko anar eg ikkje. Blant slikt selskap befann Dag og Tid seg. Eg kunne ikkje få avisene straks, men måtte koma att i ettermiddag eller i morgon. Men etter at eg hadde forklart situasjonen fekk den trivelege bibliotekaren det for seg at dette hasta og 2 minutt seinare hadde eg to årgangar og 50 aviser i fanget. Det var berre 14 aviser som var relevante (nr 4- 17, 2007), der Nils Rune Langelands reportasjereise ”vinterreise” kan lesast. No er det ei stund sidan det var vinter, men tittelen har truleg djupare undertonar? Hovlandske? Vinter i overført tyding? Det vert kanskje tydelegare når eg får lese reportasjane. Dei fotograferte eg og tok med meg i lomma.

Deretter for eg og leita etter passane plass der eg kunne sitta og lesa. Det vert så bale å sitja på ein kontorstol i lengda. Men eg skjønte snart at eg akkurat hadde forlate den perfekte leseplassen. Krypta. Ho var nesten heilt tom, stille, stor og god og sitja i. Eg fekk bekrefta frå ein av dei tilsette at det var snakk om ein godt gøymt løyndom. Det kjentes som eit verkeleg bibliotek, eit slik du berre ser i filmar, der alle må vera stille, this is a library. Berre lyden av ein og annan professor bladde i ei svær utgåve av det som kan ha vore Beowulf på originalspråket kunne høyrast. Samt lyden av ein mage som rumla ein stad, det høyrtes ut som eit undersjøisk delfinspråk hugsar eg eg tenkte, før eg ikkje tenkte på det lenger og var langt inne i ein reportasje om Georg Johannesen (fred vere med hans namn). Etter ein times tid skjønte eg at det var min eigen mage som snakka i kodar, skjønt, bodskapen var klar nok.

Vegg i vegg låg ei stor kantine som merkeleg nok hadde gode bagettar. Etterpå gjekk eg ned i byen. Eg skulle ha meg solbriller. Eg hadde fått eit tips om kvar dei hadde billege og gode solbriller, og rett nok var dei billige, men det var nok fordi dei ikkje oppfylte definisjonen. Det hang lappar på dei som grupperte brillene inn 3, til bruk i skya ver, til bruk i lettskya ver og til sist til bruk i sol. Og av gruppe 3 var det berre nokre få! Og dei såg nokså corny ut. Dessutan, sky-briller har eg ikkje bruk for. Nei, eg skulle ha meg svarte solbriller, slik dei hadde i Blues Brothers. Eller slike eg hadde på ungdomsskulen, med spegl på framsida, dei var enormt praktiske når du ikkje ville at utvalde jenter skulle sjå kor du hadde blikket festa. Slike finst visst ikkje lenger. I alle fall ikkje i Bergen. Dei er sikkert urteite no, men det bryr eg meg ikkje om. Eg vil ha nokre som virkar. Så eg gjekk vidare til Bruktbutikken, der pla dei ha slikt som for lengst er gått av moten. Og eg fann! Rett nok ikkje med spegl, men heilt mørke designersolbriller låg slengt i ein kasse. Då eg betalte skjulte eg merket dei hadde og fekk dei for 10 kroner. Berre litt synd at dei ikkje passa til meg. Victoria har i alle fall nokre svært flotte solbriller ho kan bruka i sommar. Elles hadde frelsesarméen boksal og eg fekk meg ei nytt Wallander-mysterium til 5 kroner (ja, eg er hekta). Eg ville òg ha eit bokmerke, det tykte frelsesmannen var rart, men tråla gjennom butikken og gav det til meg gratis. Eg vert alltid glad når eg fer noko gratis.

2 Svar to “Reis til byen”


  1. 1 Knut mai 24, 2007 ved 6:12 pm

    Las boka “Automobil” – ein dokumentar frå ein biltur gjennom Aust-Europa – av han for eit par år sidan. Minner om Herman Willis. Men altfor langtekkeleg. Anten det, eller så krev det seks i stil å skriva reiseskildringar. Eg har i grunnen berre lese ein som verkeleg klarar ei skjønnlitterær reiseskildring – Arne Garborg.

  2. 2 Øystein Lid mai 24, 2007 ved 11:11 pm

    Ja, eg litt meir på jorda i dag når eg har store delar av arbeidsdagen på Strøksnes si bok. Stundom er han briljant, andre gonger ber historiane preg av produksjonstvang. Med det meiner eg feks. når Morgonbladet har sendt han til Brasil, og det skjer lite av eigentleg interesse, må han jo skriva noko likevel. Og då er litt av problemet, sjølvsagt, at han ikkje utan vidare kan finna på ein spanade episode. Ein kan sjølvsagt oppsøka det kriminelle miljøet i Sao Paolo, dvs. risikera liv og lemmer for å få ein god story. Stundom gjer han det òg. Frode Grytten gjorde noko liknande ein gong, oppsøkte den nyrike mafiaen i Polen. Ein kan forstå at det er meir triveleg å sitja trygt heime på Bønes og skriva kva som kunne ha skjedd i Odda. Herman Willis, Aslak Nore, stundom Støksnes ser påfallande ofte behov for å drikka mest mogeleg alkohol på reisene sine. Er det for å få noko til å skje?

    Det er interessant det du seier om reiseskildringar. For dei to genrane liknar jo svært på kvarandre. Ein reportasje forutset ei menneskeleg oppleving, ein reportar har reist ein stad, opplevd noko og fortel om det. Det same kan jo seiast om reiseskildringane? Det der må eg tenkja litt på.


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,795 besøkjande