Komposisjon: Bakgrunnsstøy

Då Ingvild kom inn døra, eg trur det kan ha vore i går, sa ho ikkje hei, men fortalte at V hadde sovna på vegen heim. Uvanleg nok svarte eg at det hadde vore greit å få ei stadfesting på min eksistens, på at eg fins, før ein tok til å snakka om V. Når eg no har lasta opp eit opptak av meg sjølv som speler piano, er det vel noko av det same som speler inn. Det er greit å ha eit prov på at eg var i verda, eg kunne spela piano i verda. Det er litt grovt å kalla det ein komposisjon, kan hende, det er vel strengt tatt berre litt klimpring. Om den siste setningen er å forstå som ein barneskule-aktig “sjå kor stygg tegning eg har laga” eller ei realistisk vurdering av mitt fråvær av fortreffelegheit, veit eg ikkje. Ingvild kallar det støy, kanskje eg kan leggja til bakgrunns-

3 Svar to “Komposisjon: Bakgrunnsstøy”


  1. 1 Knut mai 16, 2007 ved 12:55 pm

    Du er ein av mine yndlingspianistar, det var eit fint stykke og eg er glad for at eg kjenner deg. Eg har ein gammal/tidlegare ven på Jæren som er dødssjuk og kanskje ikkje vil leva ut året, 56 år gammal. Då går det opp for ein at eit menneske er alt og ingenting – alt for seg sjølv og dei næraste, ingenting for verda. Det er ein vanskeleg kombinasjon. Kanskje ein skal tenkja slik at eg er ikkje I verda, men eg ER verda. Mykje er skapt ut frå ein tanke om å finnast lengre enn det fysiske livet. Eg er i alle høve glad for at eg har vorte kjent med deg og har deg til svigerson.

  2. 2 Øystein Lid mai 16, 2007 ved 3:07 pm

    Takk for det! Og takk det same. Å velgja deg som svigerfar må karakteriserast som eit av dei heldigare vala eg har gjort i livet. =)

  3. 3 Hallvard mai 16, 2007 ved 4:55 pm

    Du er og forblir betre til å spela piano enn det eg er, og det unnar eg deg fullt ut, storebror. Sjølv når du berre driv “klimpring,” er det pianospel eg blir imponert av.

    Det er mykje eg set pris på ved deg. Som eit døme kan eg nemna berre kor godt du forstår meg fordi me har så lik bakgrunn. Eg treng ikkje passa orda mine rundt deg. Korleis du set grenser og tek modige val for det du står for, er eit førebilete for meg.
    Og du må ikkje tenkja at du må “gjengjelda” dette innlegget; dette er ting eg ser på som fakta.

    Men kva slags eksistensstadfesting er det du helst kan tenkja deg i kvardagen? Det er fleire måtar å få det på. Kompliment, kvalitetstid saman over ein film, gode samtalar i ny og ne?


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,355 besøkjande