skriving 15. mai kveld

Ein rar dag tankemessig. For å ta ein ting; me skal reisa vekk og feira 17. mai på ein av dei mest nasjonalromantiske stadane ein kan tenkja seg. Eg har ikkje hatt noko nasjonalkjensle sidan 8. klasse på ungdomsskulen då alle måtte læra Gud signe vårt dyre fedreland utanat. Men Gud er ikkje norsk. Hadde du møtt Jesus på flyplassen i morgon er sjansane til stades for at du hadde vore ørlitte redd for at han var ein arabisk terrorist. Eg er altså ikkje noko patriotisk i det heile. Beklager. Eg ser meg som menneske, ikkje nordmann. Det er ikkje typisk norsk å vera god, men det er godt å vera norsk. Det blir forresten interessant å fylgja med på wordpress-statistikksida om eit ord som ’terrorist’ vert overvåka. Kva trur de?

8 Svar to “skriving 15. mai kveld”


  1. 1 Hallvard mai 16, 2007 ved 9:20 am

    Denne gongen har eg lyst til å ytra meg.
    Eg vert i grunnen ikkje noko provosert av mangel på nasjonalkjensle. Det kan ikkje vera rett at ein skal framprovosera kjensler ein ikkje har, berre for høgtida skuld.
    Men likevel, eg tykkjer dette utsagnet om at eg kallar meg ikkje nordmann, men menneske, er litt einfaldig formulert. Det vert litt som å saga av greina ein klamrar seg fast til og seia at “eg sit ikkje på denne greina, men klatrar i treet.”

    For er det ikkje litt betenkjeleg å fornekta den einaste kulturen ein stort sett kjenner til?
    Eg meiner, kvar hadde me vore utan vår kultur?

    Noreg er det einaste landet me bur i. Det einaste språket, både verbalt og non-verbalt, som me fullt ut meistrar, er norsk. Den einaste maten me verkeleg likar, er norsk. Det einaste klimaet me verkeleg trivst i, er norsk. Slik er det berre, og ein ser det klårare når ein faktisk tilbringer ein lengre tidsperiode i ein annan kultur.

    Eg har ikkje noko imot å kritisera sitt eige land. Men då må ein vita kva ein har å samanlikna det med. Og ein kjenner ikkje ein annan kultur før ein kjenner han frå innsida. Viss ikkje synest eg nasjonal kritikk får ein slags ettersmak av det bortskjemde ungar seier når dei vil røma heimefrå.

  2. 2 Øystein Lid mai 16, 2007 ved 10:57 am

    Det som er bra med Noreg er ikkje norsk

    Takk for svar.

    Dette er sikkert ikkje noko me kjem til å verta samde om, men eg kan no utdjupa litt meir korleis eg tenkjer likevel.

    Utsegnet var “eg ser meg som menneske, ikkje nordmann”. I det legg eg at når eg skal vurdera min eigen eksistens er det ikkje fyrst og framst kva land eg tilfeldigvis soknar til som er det avgjerande. Til dømes vil eg påstå at i vår tid er menneskelege faktorar som feks. alder og kjønn og interesser meir avgjerande for kven eg har noko til felles med på denne planeten enn kva sida av fjorden , stillehavet eller uralfjella eg bur på. Slik sett vil eg nok ha meir til felles med ein student frå australia enn ein gamal fiskar frå Henningsvær. Det ligg ikkje noko fornekting av at eg er norsk i dette, men det er andre ting eg tykkjer er viktigare.

    Når det gjeld den norske kulturen: kor norsk er han eigentleg? Er det vesentlege skilnader frå den svenske kulturen? Kva er det norske? Folkeeventyr og skisport? Ingen av delene var det me som fann på. Det politiske systemet vårt er importert, det same med statsreligionen, populærkulturen, nesten same kva ein tenkjer på. Rett nok er det nokre få ting som er urnorske, eg trur visse typar stølsprodukt, som geitost, er opphaveleg norske. Sikkert Hardingfela òg. Men dette er ikkje ting som definerer meg. Det einaste eg kan koma på er det norske språket, det definerer meg rett nok. Men kva då med kvenene, samane og “nye nordmenn”? Er ikkje dei norske? Dess meir eg prøver å finna ut kva det norske er, dess meir tenkjer eg at det fins ikkje noko fundamentalt som skil meg frå sveitsarane. Spørsmålet ‘kvar hadde me vore utan vår kultur?’ tykkjer eg såleis vert litt rart. Viss vår kultur hadde vore annleis, hadde me ikkje kjent til noko anna og dermed hatt eit like sjølvsagt tilhøve til den som me i dag har til ein ostehøvel. Vår kultur er ein arbitrær storleik. Tilfeldig samansatt av element frå mange stader. Greitt nok, eg kan strekkja meg så langt som å seia at den eksakte samansetninga av element som til ei kvar tid befinn seg innan Noregs grenser finn ein ingen andre stader og er dermed det norske. Men med atterhald om at denne kulturen ikkje er einskapleg, ikkje den same som han var for 50 år sidan, og ikkje nødvendigvis betre enn andre kulturar.

    Kva er det i så fall eg skal feira i morgon? Jau, at Noreg vart eit eige land, fråskild frå danskar og svenskar. Er det noko å feira? Skal eg feira at eg ikkje er dansk? Er eg betre enn ein danske? Nokre små skilnader er det nok, men neppe noko å feira.

    “Eg har ikkje noko imot å kritisera sitt eige land. Men då må ein vita kva ein har å samanlikna det med”, skriv du, og du har eit poeng. Viss ein samanliknar norsk kultur med indisk finn ein kanskje at den norske er betre på nokre område, til dømes har me ikkje like skarpt skilje mellom dei ulike klassane (eller kastene). Men det er ikkje det at me er norske som gjer at me har eit meir rettferdig samfunnssystem. Det opphaveleg norske var ein aggressiv krigarkultur. Det er det me har importert som gjer at me har eit rettferdig samfunnssystem. Velferdsstaten er inga norsk oppfinning. Alt anna er personlege preferansar og vanesaker. Eg kan læra meg å lika kinesisk mat i staden for geitost, for å seia det slik. Dette handlar ikkje om å kritisera Noreg eller det norske. Det er ikkje ein særleg mykje meir kritikkverdig stat enn andre som det er naturleg å samanlikna oss med. Men Noreg er ikkje særleg mykje betre heller. Difor er dette meir eit fråvær av lovprising av det norske. For det er jo det me liksom skal gjera i morgon, er det ikkje?

  3. 3 Knut mai 16, 2007 ved 1:01 pm

    For meg er det slik at det er den norske GRUNNLOVA me feirer, dvs. demokratiet. Det har vore utgangspunktet for dei 17. mai-talene eg har heldt. Og demokratiet må me aldri ta som sjølvsagt. Ikkje minst i høve til islamismen som veks fram også her i landet.

  4. 4 Øystein Lid mai 16, 2007 ved 3:09 pm

    Ja, kanskje eg då kan sjå det som ei feiring av grekarane? Men kva i alle dagar skal eg i så fall ha på meg?

  5. 5 Mads mai 16, 2007 ved 3:31 pm

    Morosamt bilete, i alle høve.

  6. 6 Hallvard mai 16, 2007 ved 3:38 pm

    Hehe, du kan jo prøva toga=) Eller det er kanskje romersk, det. Og du har nok rett, me blir sikkert ikkje samde.

    Eg høyrer kva du seier. Verda vert meir einsformig og teknologisk lik, slik at kulturane vert viska ut. Bakgrunnen for mi argumentering for at det er noko særskilt med det norske, er nok mykje erfaring frå andre kulturar her på UiO-basen.

    Ta nederlendarar, feks. Her på Nordtun har me tre av dei, og dei har alle det fellestrekket at dei alle er rimeleg direkte. Rett på sak, og ikkje rundt grauten-gåande, som mange nordmenn kan vera. Dermed er eg rimeleg sikker på at dersom eg hadde butt i Nederland, hadde eg ikkje kjent meg skikkeleg heime.

    USA er me iallfall einige og tru om er ein ganske annan kultur enn den norske, etter mi meining. Den berømte jantelova er liksom ikkje like til stades der i like stor grad som her heime. Og du skulle høyrt oppstanden som kom her på basen då amerikanarane brått begynte å argumentera FOR å slå ungar som straff! Det vil eg seia er noko alle nordmenn er ganske einige om ikkje går an.

    Svenskar har du rett i er svært like oss. Men poenget mitt er berre at sjølv om medieverda gjev eit dels rett inntrykk av at no er alle land snart som eitt, så er det mange gamle kulturelle ting som framleis heng att. Og eg er ikkje så sikker på om du hadde klart å læra deg til å eta nudlar kvar dag i staden for brød! =) får det iallfall ikkje til.

    For min del kjem eg nok til å feira Noreg i morgon. For etter mi meining har eg mykje eg set pris på med landet. Viss eg kompromitterer med at kulturane vert likare, vil du gjera det same med at ein veit ikkje kva ein har før ein misser det?

  7. 7 Knut mai 16, 2007 ved 9:50 pm

    Grekarar – he, he. Noreg er faktisk det nest eldste fungerande demokratiet i verda (etter USA). Om me ser vekk frå grekarane, då. (Var det forresten ikkje romarane som gjekk i toga????

  8. 8 Øystein Lid mai 17, 2007 ved 11:10 am

    Eg kan vera med på det, Hallvard. Sidan det er 17. mai kan eg òg gå så langt som å seia at grunnlova er verdt ei siste feiring, har ikkje dei raudgrøne vedteke å avskaffa ho til neste år, eller noko? Elles konstaterer eg at bloggen i går sette besøksrekord! Etteretningsagentar? God 17. mai!


Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,791 besøkjande