Eit lite eksperiment der eg prøvde å etterlikna fargar tilsvarande dei eg kan hugsa frå enkelte fotografi av/frå barndomen. Her er resultatet:

Utgangspunktet gir nok eit meir realistisk bilde av røynda:

Kva likar de best? Ein av mine absolutt favorittfotografar hevdar forresten at han kun fotograferer med det siktemålet å gjenskapa ei eller anna kjensle frå barndomen.

Det ligg ein spesiell varme i syttitalsnostalgien! Notida er kynisk, men nøyaktig.
Eg ser du har klipt bort ein telefonstolpe – kvifor det? Det øverste biletet har mest harmoniske fargar; er snillast med augene. Lurenostalgi er rare greier.
Det er hundre prosent oppslutnad om den redigerte versjonen. Når eg tenkjer over det er det faktisk fleire ting som gjer at det kunne vore teke for 20-30 år sidan. Husa ser ikkje spesielt moderne ut, den framre bilen kunne kanskje vore ein gamal peugeot, det står 82 på gensaren til V, i det heile: fråvær av moderne gjenstandar.
Hallvard: Du har bokstaveleg talt rett, fargane har meir raudt i seg, og er dermed varmare. Men eg fekk litt på følelsen om at du snakka om ‘varme’ i meir overført tyding?
Mads: Valet om å klyppa vekk telefonstolpen hadde nok litt med komposisjon å gjera, at biletet vart litt venstretung eller ubalansert i den forstand at det ikkje var noko som kunne balansera han på høgresida. I tillegg syns eg han ser ut som eit stengsel; dvs. eg syns den redigerte versjonen er meir åpen. Syns du stolpen burde vore med? Tilfører han noko?
Elles tilrår eg (igjen?) Werner Heyckendorff sine foto, majoriteten av dei er tekne med same kamera som du har, s5500. Det var han eg sikta til i hovudinnlegget.