Det eg svært kort vil prøva å finna fram til er “Kva gjer ein reportasje god?” Delvis synonyme underspørsmål er “kva skil gode frå dårlige reportasjar”, og “kor høg litterær kvalitet held norske reportasjar”. Til no har eg jobba med det teoretiske fundamentet for oppgåva. Men skikkeleg kjøt på beinet vert det ikkje før teorien får prøvd seg i praksis på eit (vidt) spekter av reportasjar. Og då er det to mogelegheiter som peikar seg ut, så vidt eg kan sjå.
1: Å finna fram til eit representativt og gjennomsnittleg utval av norske reportasjar og prøva å finna ut kva som gjer dei gode reportasjane i utvalet gode, og kva som gjer dei dårlege reportasjane dårlege.
Eller 2: Finna fram til kven som vert rekna som dei f.eks. 10 beste norske reportasje-skrivarane, og undersøka kva som gjer deira tekstar gode.
Problemet med alternativ 2 er at det vil verta vanskelegare å svara på spørsmålet ‘kva gjer dette godt’ viss det ikkje er noko dårleg som kan setja det gode i relifeff. Slik sett er det kanskje alternativ 1 som blinkar seg ut, men det har eit anna problem. Det må vera utruleg vanskeleg å finna fram til eit “representativt og gjennomsnittleg” tekstutval av norske reportasjar. Der vil alternativ 2 vera mykje lettare.
Det finst jo ei rekkje av våre kjende forfattarar som har jobba som journalistar og reporterar på eit eller anna tidspunkt i si karriere. Men då kjem spørsmålet kor langt bak i tid skal eg gå. Christian Krogh, Rolf Jacobsen eller Johan Borgen var reportarar. For ikkje å gløyma Hamsun, som skreiv reportasjeboka “I Æventyrland” etter pan, sult og mysterier, og meinte fyrstnemnte ville trumfa dei alle saman. Det kunne jo òg vera ein mogelegheit å ta for seg denne gløymte delen av litteraturhistoria. Kven har eigentleg høyrt om “I Æventyrland”, i dag? Eg hadde ikkje. Vidare har Jens Bjørneboe, Jan Erik Vold, Frode Grytten, Knut Faldbakken, Jo Nesbø, Jon Fosse, Niels Fredrik Dahl osv. alle jobba i pressa.

0 Svar to “Gjennomsnitt eller ti på topp-liste?”