“1. Bruk aldri en metafor, simile eller figurativ tale du er vant til å se på trykk. 2. Bruk aldri et langt ord der et kort gjør samme nytten. 3. Hvis mulig, kutt bort et ord, alltid. 4. Bruk aldri en passiv form der du kan bruke en aktiv. 5. Bruk aldri et utenlandsk begrep, et vitenskapelig ord eller fagspråk hvis du kan komme på et vanlig norsk [ok, engelsk] ord som gjør samme nytten. 6. Bryt heller alle disse reglene, enn å formulere deg på en barbarisk måte.”
Har man disse reglene med seg, blir det mye lettere å få øye på tåpelighetene i det man selv og andre skriver. Tillat meg å slenge på nok et råd til journalister. Den største fare, om du allerede skulle være en flink journalist, er å tro på skryt. Skryt har tatt livet av flere journalister enn alkohol, og det sier ikke rent lite.
Henta frå “Politics and the English Language”, gjengitt i Morgenbladet v/ Morten A. Strøksnes.

Strøksnes sitt essay om Orwell trur eg må vera eit av dei mest inspirerande forfattar-portretta eg har lese. På sitt beste, er Strøksnes ein meisterleg formidlar. Det er i lys av dette trist å lesa kommentarane hans i BT annakvar laurdag, der synes eg han går på autopilot og manglar sin gamle, polemiske penn.
Har du lese Strøksnes si “Snøen som falt ifjor. 51 deadlines”? Det er ei sjeldan reportasjebok, etter å ha lese den framstår det som totalt uforståeleg at Strøksnes ikkje fekk ny jobb i norske aviser då han sa opp i Morgenbladet i 2004. På sitt beste, synes eg faktisk Strøksnes går Frode Grytten ein høg gang som featurejournalist. Grytten er nok likevel meir stabil. Uansett får me tru Strøksnes får jobb når han snart gjer vendereis til Noreg.
Takk for tipset! Det høyrest ut som ei lovande bok. Eg ser Strøknes si “arbeidsløyse” som indikativ på situasjonen på norsk journalistikk. Ingen vil ta seg råd til den langsame kvalitetsjournalistikken Strøksnes står for. Det er det kjappe og salgsbare som rår. Men nokre teikn på at dette kanskje er i ferd med å snu finst.
Strøksnes er allereie på mi short-list over kven eg skal skriva om. Simen Sætre og Eskil Engvik i Dagens Næringsliv er også interessante navn. Og kva heiter som skriv reisereportasjar i Dag og Tid igjen? Det er vanskeleg å koma utanom Frode Grytten, men av ein eller annan grunn er eg ikkje like begeistra for han lenger. Fleire tips er velkomne!
Nils Rune Langeland skriv i Dag og Tid. Det ordskiftet me hadde på bloggen min om litteratur og kvalitet, var faktisk med utgangspunkt i at eg traff Langeland på ein sein, nattleg rangel i Oslo. Uansett starta Langeland si norske reise i slutten av januar i Dag og Tid, og han er undervegs endå. Den beste reportasjen til no er nok den frå Austevoll.
Eg kjem ikkje på nokon andre du må ha med i farten, men eg skal ha det i bakhovudet!
Heh! Det er ei lita verd. Då skal eg lesa den frå Bømlo fyrst, redaksjonen i Dag og Tid gjekk med på å senda meg artiklane til Langeland. Men dei rakk ikkje over det før fredag. I mellomtida var det meininga at eg skulle lesa det atekst har å tilby (av interesse for meg), men vpn fungerer tydelegvis berre når det sjølv vil.