Intetanande og febersjuk såg eg i kveld på sjukehus-serien House på Nrk. Eg vil tippa at ingen av dei eg veit som fylgjer med på denne bloggen såg på det same som eg på det tidspunktet? Uansett, på slutten av episoden spelte dei utdrag frå ein song som traff meg i magen. Reint musikalsk, altså. Eg strevde hardt for å høyra kva som var sagt i songteksten, for å gjera han googlbar, altså. Litt søking avslørte at det var ein Solomon Burke med soullåta “None of us are free” som var spelt. Det som overraska litt meir var at download.com gir songen gratis vekk som mp3-fil til alle som vil ha!
God fornøyelse!
P.s. Kva er det som eigentleg gjer at ein låt fell i smak? Anar ikkje. Men eg veit som regel ganske kjapt om eg kjem til å lika ein song eller ikkje etter dei fyrste 10-20 sekunda. For meg er det akkordsamansetninga eller harmoniane som er det avgjerande, trur eg.

0 Svar to “It’s free”