
I forfjor sommar hugsar eg klassekampens redaktør Bjørgulv Braanen kom med ein openlys appell til kristne om å ‘join forces’ med sosialistane. No hugsar eg ikkje i farten kor alvorleg det var meint, forslaget vakte i alle fall over gjennomsnittleg lått i redaksjonen eg haldt til i den sommaren. Men for meg som reknar meg plassert like til venstre for sentrumslinja i norsk politikk hadde i alle fall idéen sine sider.
I dag såg eg filmen Gymnaslærer Pedersen om att. Eg har lenge lurt på kva det var som gjorde at eg likte den filmen så godt då eg såg han på kino. Betre enn alle andre eg har snakka med. Men i dag innsåg eg det. Eg har gått gjennom nesten nøyaktig den same prosessen som filmens sosialistar: frå brennande truande til desillusjonert avhoppar. Frå eg besøkte kyrkjelyden for fyrste gong som 12 åring til eg forlot han 13 år seinare handla det alltid om den nært foreståande vekkjinga; me snakka om vekkjing, ba om vekkjing, og trudde på vekkjing. Men han kom aldri! (skjønt, at ein av hundre bergensarar var medlem av kyrkjelyden må no likevel telja for noko). Men no er det eit avslutta kapittel, og eg kan ikkje tenkja meg ei betre overskrift på det enn tittelen på dette innlegget.
Eg må ærlig innrømma at eg saknar den kjensla av å vera med på noko stort, noko nytt og revolusjonerande. Og fylgjande scene frå filmen minnar meg litt om ho. Dessutan, der er ikkje ofte du ser ein såpass spektakulær entré i norsk film. Eg syns òg musikken åleine er verdt heile filmen… Køyr film!

Kommentarar