Eg er uoriginal, plutseleg

Eg ante ikkje at det eg skriv om i masteroppgåva er trendy. Men det er det tydelegvis. Slik er det påfallande ofte når eg kjem på noko eg trur er originalt. Nokon som hugsar min geniale idé å laga ei Georg Johannesen-sitatbok? Ikkje lenge etter eg kom på idéen fekk eg høyra om dei som var i gang med å gjennomføra han. Når det gjeld masteroppgåva, har ingen inspirert meg til idéen om å tolka journalistiske tekstar som litteratur andre enn meg sjølv. Eg var førebudd på å måtta gå i nærkamp med diverse litteraturvitskaplege dogmer for å kunna skriva ei slik oppgåve (jamfør klinsjen eg hadde med professor Gaasland her på bloggen tidlegare). Men plutseleg kjem Jo Bech Karlsen no denne veka ut med ny bok om det han kallar “fortellande journalistikk” og same veka kjem Aslak Nore med sine “10 punkter for en ny litterær journalistikk” i tidsskriftet Prosa (kjøpt og lest i dag, men no oppdagar eg at artikkelen er lagt ut i sin heilskap på nettsida deira. Typisk!). Plutseleg verkar det som om dette er på alles lepper. Og med eitt var eg dørgande uoriginal. Jaja, eg får lata som ingenting og vera glad for at eg slepp å skriva eit kapittel der eg forsvarar mine handlingar.

0 Svar to “Eg er uoriginal, plutseleg”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,795 besøkjande