Kvifor er det akkurat Aftenposten som får gjennomgå? Det fins verre kandidatar enn Aftenposten. Men Aftenposten skal jo liksom vera den seriøse blant dagsavisene, og så kan dei få seg til å servera slikt kristendomsfiendtleg og fordomsfullt nonsens som ein kan lesa her. Dette var for litt over eitt år sidan. Eg trur jamvel denne smørja sto på trykk i papirutgåva. Men min motkronikk ville dei ikkje trykka. Forståeleg nok, kanskje.
Den 3. november kunne ein lesa ein artikkel på aftenposten.no som gjekk under tittelen ”- Religion gir mer vold”. Ikkje lenge etter låg ein tilsvarande versjon ute på dagbladet.no. Ingressen hjå Aftenposten lyder slik: ”Jo flere som er religiøse, jo flere mord, kjønnssykdommer og aborter er det i et samfunn. Det viser en fersk undersøkelse.” Ser ein litt nærare etter er det ikkje religion generelt påstandane gjeld, det er den kristne religionen. Når ei religiøs gruppe kollektivt vert skulda for det som er gale i eit samfunn, bør ein vera på vakt.
Aftenposten refererer til ein forskar med det religionskritisk lite passande namnet Gregory S. Paul. Han skriv i siste nummeret av Journal of Religion and Society at det fins ein samanhang mellom religiøsitet og ymse samfunnsmessige problem. Paul har samanlikna dei 18 rikaste landa i verda, og funne ut at det religiøse USA har dårlegare levestandard enn det sekulariserte Europa. Ein tilfeldig lesar av Aftenpostens artikkel vil då truleg tenkja at Paul må vera forskar i samfunns- eller religionsvitskap. Eit kjapt søk i nettleksikonet Wikipedia fortel derimot at Gregory S. Paul er frilans-paleontolog og illustratør. Det betyr sjølvsagt ikkje at ein teiknande dinosaur-entusiast ikkje kan vita noko om samfunn og religion, men i dette tilfellet ser eg det som ein innleiande indikasjon på gehalten i argumentasjonen hans, og i forlenginga av det, i Aftenpostens artikkel.
Etter at den britiske avisa Times publiserte sin versjon av Pauls funn i september, har aviser verda over trykt lausrivne sitat frå artikkelen. Kor mange ledd historia har vore gjennom før ho til slutt hamnar i Aftenposten er difor ikkje godt å vita. Aftenposten har truleg saksa dette frå ei anna avis, funne ein nordmann som kan seie seg einig, og sel denne forderva fisken som fersk.
Hadde Aftenpostens journalist, Dag Yngve Dahle, lese artikkelen i Journal of Religion and Society, burde han snart forstått at det ikkje kan kallast ein seriøs samfunnsvitskapleg forskingsartikkel. Paul skriv i innleiinga til artikkelen sin fylgjande: “This study is a first, brief look at an important subject that has been almost entirely neglected by social scientists.” Her burde varsellampane ha teke til å blinka hos ein god journalist. For eit av dei viktigaste kjenneteikna ved pseudo-vitskapen er at han hever seg over vitskaplege kriterier med slike påskot som at ein har funne ein nisje som er oversett av den tradisjonelle vitskapen.
For å setta alt dette i relieff, lat oss sjå på litt statistikk frå land som ikkje får plass i Gregory Pauls artikkel. På Unicef sine nettsider kan ein lesa at det i utviklingsland dør ca. 29 000 born kvar dag. I Sudan (og tilsvarande i andre afrikanske land) er forventa levealder 33 år, mot Japans 82 år. Ca. to milliardar vert ramma jamleg av hungersnaud og kronisk underernæring. Meir enn 20 prosent av verdas befolking har mindre enn ein dollar dagen å leva for. Målt opp mot slike statistikkar vert det nokså absurd å spørja kva land i den vestlege verda som har det minst luksuriøst. Verdas fattige er ikkje ein faktor i Pauls artikkel, men heller ikkje land som Russland eller Kina speler noko rolle. Viss det hadde vore slik at låg grad av religiøsitet i eit samfunn betyr høg levestandard, skulle slike land ha kome godt ut med omsyn til levestandard. Det gjer dei ikkje. Der utgangspunktet er som galest, blir resultatet tidt originalest, seier Ibsen, men kreativitet er ikkje ein dyd i samfunnsvitskapen.
Lat oss no likevel gå med på Pauls føresetnader. Kva land har dårlegast levestandard av verdas 18 rikaste land? Det er knapt overraskande at svaret er USA. Argumentasjonen til Paul kan skjematisk settast opp slik:
Premiss 1: USA har (relativt) låg levestandard.
Premiss 2: USA er eit sterkt religiøst land.
Konklusjon: Religiøsitet = dårleg levestandard.
Det kan vera interessant å merka seg at viss ein tek vekk USA frå dei 18 landa Gregory S. Paul har samanlikna, fell alle samanhangane han har kome fram til også vekk. Aftenposten skriv at ”religiøse demokratier har flere sosiale problemer enn samfunn med mange agnostikere, ateister og andre ikke-troende”, men kor mange religiøse demokrati er med i samanlikninga? Berre eitt kan omtrentleg kallast noko slikt, nemleg USA.
Det eigentlege spørsmål vert då: Skuldast USAs høge mordrate, skilsmissetal, kjønnssjukdommar, abortar, tenåringsgraviditetar og barnedødelegheit at landet har mange kristne? Det burde vera overflødig å seia at ein må svara avkreftande på alle desse. Med slagord som ”det er godt å vite” tek Aftenposten mål av seg å vera ei avis som står for kunnskap og seriøs journalistikk. Då er det uheldig at avisa demonstrerer vitløyse ved å strø om seg med slike konspirasjonsteoriar.

0 Svar to “Konspirasjonsteorien i Aftenposten”