Bjørn Olav Hansen er ein bra mann. Tidlegare baptistpastor og no jobbar han som (frilans) andeleg rettleiar. Han har blant anna rettleidd meg. Han jobbar også som spaltist i Dagen. I dei seinare åra har han fått augo opp for kva skattar andre kristne trussamfunn sit på, som til dømes den russisk-ortodokse kyrkja. Me har lett for å plassera alle som har den minste befatning med ikonar eller helgenar i den båsen kristne som nett så vidt kjem inn i himmelen. Men etter å ha lese ein del av BOH sine tankar, trur eg dei er fullverdige kristne syskjen. Bjørn Olav har nyleg hatt hjartekirurgi og må halda seg i ro. Han skriv difor på bloggen sin omtrent kvar dag. Det er som ei utømmeleg kjelde til vidsom for meg. I dag skriv han om mentalt handikappa sin plass (eller manglande plass) i våre kyrkjelydar. Absolutt lesverdig.
Siste
Kva las du no
- A Miracle of Elder Paisios the Athonite
- Sensasjon: Aril Edvardsen var ingen historiker - 1
- Thomas Nagel, the cosmic authority problem and the fear of religion
- Se, hun snakker
- discursus: Newmaniana frå sommaren -09 I: Radikale livsformer
- Regarding Husband's Abbess, the Wife
- "Shun even to appear harsh in your treatment of each other"
- Demokrati utan solidaritet?
- Når ofrene blir uspiselige
Blogroll
Kommentarar
Kategoriar
Arkiv
- april 2009 (1)
- mars 2009 (1)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (2)
- november 2008 (4)
- oktober 2008 (5)
- august 2008 (3)
- juli 2008 (2)
- juni 2008 (6)
- mai 2008 (3)
- april 2008 (1)
- februar 2008 (4)
- januar 2008 (4)
- desember 2007 (1)
- november 2007 (1)
- oktober 2007 (5)
- september 2007 (3)
- august 2007 (3)
- juni 2007 (2)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (7)
- mars 2007 (8)
- februar 2007 (16)
- januar 2007 (12)
- desember 2006 (3)
- november 2006 (8)
- oktober 2006 (20)
Tal eminente lesarar
- 7,791 besøkjande

Eg har merka meg at (altfor) mange kristne er ualminneleg dårleg orienterte om både kyrkjesoge og andre trusretningar – dei manglar med andre ord det vidsynet og den toleransen som kjem av å studera historia. Og det er bokstaveleg tala synd, for dermed lever dei eit liv i fordommar og hovmot og med innskrenka horisont – og kjem dessutan i skade for å vitna falskt om sin neste.
MEN – frå mi befatning med den katolske kyrkja veit eg at mange katolikkar inst inne knapt ser på andre enn seg sjølv som kristne og set t.d. Luther på lik line med islam og buddhisme, så det er altså ikkje berre i krinsane du nemner at fordommane rår.
Kunnskap er ikkje berre makt – kunnskap er alfa og omega. Ein definisjon på vondskap er at det skuldast mangel på kunnskap.
Ja, eller som profeten Hosea seier det: folket går til grunne pga. mangel på kunnskap.