Ein kikk på Aftenposten sine mest leste saker idag:
Vinnaren: Krev pupper!
2. Stor kjedekollisjonpå E6 på Romerike
3. Modell kollapset og døde
4. Smalt inn i bomstasjon
5. Bygger store luksushus i Pakistan
6. Utestengt etter badetøykonflikt
7. Nytt angrep på Yssen
8. Fire biler i kjedekollisjon på E18
9. Vinterens kraftigste storm på USAs østkyst
10. – Visste at kortbrukenble lekket til Se og Hør
Aftenposten vert rekna som ei hakket meir seriøs avis, men det trur eg ikkje det er særleg grunn til å tru. 50 % av sakene er Se og Hør-saker (dvs. kjendisstoff). Ulukker er alltid godt stoff, og tel for 40%. Dei siste 10% prosentene, og det einaste som kan minna om ei utanrikssak (ok, amerikansk uvær også, kanskje), utgjer ei sak om pakistanarar som byggjer luksushus i Pakistan for pengar dei har tent på drosjekøyring i Oslo. Så. Kan Aftenposten klandrast for å ha dårlege lesarar? Ja, for det må vel bety at dei har ei dårleg avis.

Ja, det er det eg seier: det held lenge å lesa avisa ein gong i veka.
Eller fritt etter G. Johannesen: I ei fornuftig verd ville me lese Tu Fu kvar dag og Aftenposten kvart tusende år.
Så gale kan det gå når man feller ein dom over ei avis utelukkande på grunnlag av nettutgåva! Dagens papirutgåve av Aftenposten har fleire lengre nyhets- og kulturkommentarar, og dessutan mange lange artiklar med seriøse nyhendevinklingar. Aftenposten er og forblir ei lett konservativ og forutsigbar avis, dette tyder likevel ikkje at den er tabloid eller fordummande.
Eg tilrår deg elles å lesa Danske aviser. Information, Kristelig Dagblad og Weekendavisen overgår sine norske systeraviser (høvevis Klassekampen, Vårt Land og Morgenblad) ganske enkelt!
Tida er inne for å oversjå nettavisene, og ta fram att papiravisa! Fyrst då kan me diskutera!
Hevdar du då at Aftenposten si nettutgåve er ein lett tabloidisert versjon av papirutgåva? For å lokka til seg VG-lesarar? Har nettutgåva til Aftenposten andre lesarar enn papirutgåva? Kanskje. Så vidt meg bekjent er både kommentarstoffet og innsikt-artiklane m.m. gjort tilgjengeleg i nettversjonen. Men kvifor skal ei (nett)avis som tek mål av seg å vera seriøs, innehalda store mengder kjendisstoff som om dei andre riksavisene ikkje fyllte det openberrt skrikande behovet etter kunnskap om interne Se og Hør-problem? Jamfør også dagens innlegg som handlar om ein konspirasjonsteori som Aftenposten (og andre norske aviser) slukte rått. Heldigvis finn ikkje alt dette tullestoffet fram til papirversjonen, så slik sett kan eg vera einig. Papiravisa (som sådann) er vel elles på vikande front, så eg meiner det er på tide at me tek nettavisa på alvor og ikkje let den sleppa lettare unna kritisk søkeljos. Eller ein kan gjera som Knut og melda seg ut. Eg tek elles til meg tipset om avisene i Danmark.