I dag fekk eg ei tilbakemelding frå den eine tilhengaren av denne bloggen som eg veit om (kor motvillig eller velvillig andre lesarar vurderer han, veit eg ikkje). Den gjekk ut på at det var dumt det vert så sjeldan skrive noko her. Eg har vel hatt ein tendens til å prøva å unngå at å skriva på denne staden skal verta ei kjedeleg plikt, men eg prøver å ta inn over meg nye tankar. Eg er ikkje kjend for min sterke sjølvdisiplin, akkurat, så å ha ein periode der eg prøver å skriva noko kvar dag, er kanskje ikkje det verste som kan skje. I dag, til dømes, innstallerte eg eit program som gjer at eg kan stilla inn PCen min til å gå i ventemodus kvar natt klokka 00:15. Det er både eit eksempel på mitt fråvær av sjølvdisiplin (når eg sit med dataen), og på kva slags nyttig informasjon som kan risikera å sjå dagens ljos her på bloggen dei nærmaste dagane.
Siste
Kva las du no
- An Atheist Defends Religion
- The Word -nytt bibelprogram
- Krever peak oil-analyse (Teknisk Ukeblad)
- "For we were used to the old-world Christmas"
- Sometimes You Feel Like a Nut: Francis Turretin On the Perpetual Virginity of Mary
- Why We Fast
- On Social Justice by that Inveterate Socialist Agitator, St Basil the Great
- Billig kjøtt i Europa katastrofalt for Latin-Amerika
- My Emmaus
Blogroll
Kommentarar
Kategoriar
Arkiv
- november 2009 (3)
- april 2009 (1)
- mars 2009 (1)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (2)
- november 2008 (4)
- oktober 2008 (5)
- august 2008 (3)
- juli 2008 (2)
- juni 2008 (6)
- mai 2008 (3)
- april 2008 (1)
- februar 2008 (4)
- januar 2008 (4)
- desember 2007 (1)
- november 2007 (1)
- oktober 2007 (5)
- september 2007 (3)
- august 2007 (3)
- juni 2007 (2)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (7)
- mars 2007 (8)
- februar 2007 (16)
- januar 2007 (12)
- desember 2006 (3)
- november 2006 (8)
- oktober 2006 (20)
Tal eminente lesarar
- 8,355 besøkjande

Kan ein ikkje stilla slikt inn i Windows, då?
Frå 1977 og fram til 1998 (minus åra 1994-1997) hadde eg skriving som hovudinntekt. Eg var ein av dei 3-4 mest brukte pocketbokomsetjarar i landet. Ikkje fordi eg var flinkare enn andre, men fordi eg heldt avtalar og hadde sjølvdisiplin. Eg er ein særs produktiv mann framleis. Fordi eg har sjølvdisiplin (og planlegg tida mi godt). Så det å skriva på bloggen kvar dag er ei bra øving i sjølvdisiplin. Og hugs også: mange bekker små…
Ja, det er eigentleg litt rart at eg har kome meg såpass fram i verda som eg har, med min skrantande sjølvdisiplin. Eg trur det skuldast at eg kan ta nokre skippartak som få tek etter meg, samt at eg tidleg lærte å utnytta systema. Ei litt intuitiv forståing for kva ulike instansar er på utikk etter. Men stundom kjem den nagande kjensla av at ein dag vil ikkje denne framgangsmåten vera nok. No har eg i alle fall greidd å pløya gjennom lange lærebøker i journalistikk vha. litt kvar dag-metoden, så kanskje det er håp for meg enno. Og enkle duppedittar som skrur av PCen i tide vil kanskje gjera resten av jobben. For å svara på spørsmålet så kan ein ikkje stilla det inn i windows åleine. Ein kan stilla inn Pcen til å gå i ventemodus etter feks 3 timar utan aktivitet, men ikkje til spesifikke klokkeslett. Men windows oppgavebehandling i kombinasjon med nemnte program (gizmo) gjer jobben.