35 ord i indirekte sitat frå ein farleg mann

Det er spanande og viktig når presidenten i verdas nest mektigaste land talar rakt imot USA og NATO. Tankevekkjande er det difor at Aftenposten tykkjer det er nok å spandera 35 ord på kritikken Putin framførte i ein sikkerheitskonferanse i München: “Putin kom med kraftig kritikk av USA, som han mener kjører et ensidig løp som gjør verden til et farligere sted. Og NATO fikk så hatten passet for sin utvidelse, som Putin mener skaper mistillit.”

Resten av artikkelen er augnebrynslyfting og hoderysting. At sjølve nyheiten druknar i intetsigande reaksjonar gjer artikkelen dårleg og useriøs. LES SJØLV. Til samanlikning New York Times versjon. I staden for det kraftig forenkla “gjør verden til et farligere sted”, gjengir NYTimes på kva måte Putin meinte at USA har gjort dette (eg for min del kan eg vera einig i ein heil del av det han har å seia). Han meiner USA har framskunda atomvåpen-kappløpet, underminert internasjonale institusjonar (ved å gå til krig på tross av FN) og handtert Irak-krigen klumsete. Når me samtidig veit at Russland rustar kraftig opp og innsnevrar religionsfridomen er det all grunn til å via Putins utsegn både plass og analyse.

Aftenposten på si side siterer berre NTB (det var vel ikkje viktig nok til at Aftenposten kunne gjera noko på det sjølv), så det er kanskje det skjulte og obskure nyhendebyrået me bør rista i kragen. Kven sit i NTB og ofrar Putins interessante synspunkt til fordel for forutsigbar norsk synsing og endå meir forutsigbar amerikansk fordømming? Kven sit i NTB, tenkjer seg lenge om og kjem fram til at kardemommeby-sjargong (”så hatten passet”) var det beste valet i denne saka? Er dette det beste norske aviser har å oppvisa? Fins det verkeleg ingen norske aviser som har ei nokonlunde anstendig dekking av utanriksstoff? Eg tek i mot alle tips med takk.

0 Svar to “35 ord i indirekte sitat frå ein farleg mann”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 7,795 besøkjande