Arkiv for februar, 2007

Krageholdaren, ei nesten-ironisk historie og Biblioteket i Alexandria.

Kva skal eg sei? Rolege dagar. Tempoet skrudd ned på sparebluss. Å gå opp ein bakke gjer meg dobbelt så sliten som vanleg. Å henta Victoria i barnehagen er det einaste eg har gjort i dag som kravde noko meir muskelkraft enn null. Og resten av dagen: Utslått. Mr. Influensa, ein laid back type med kvite hanskar, held meg fast i kragen. Merkelig nok er ikkje tankeverksemda vorte råka denne gongen, vanlegvis plar den på eit eller anna vis verta affisert når kroppen køyrer i tryggingsmodus. Så eg burde vel strengt tatt ha lese pensum. I staden har eg lese profeten Jesaja og profeten Peter Halldorfs bok Jomfrumark. Begge vel verdt tida, og eg har dessutan ein profeti på lager sjølv i dag: Profetien om vår tids Alexandrinske bibliotek.

Seinare på dagen så eg nemleg Bokprogrammet på NRK. Denne gongen dukka det opp ei nesten-ironisk historie om korleis boka ”The Book of Lost Books” av ein Stuart Kelly, vart til. Boka handlar om alle (dei viktige) bøkene som er gått tapt opp igjennom tidene. Dvs. Bøker det enten ikkje finst noko eksemplar av lenger, bøker forfattaren døydde før han fekk skrive ferdig, eller bøker forfattaren ofte snakka om han gjerne skulle ha skrive, men aldri gjorde. Interessant nok i seg sjølv, og ei bok eg ikkje skulle ha noko i mot å lesa. Men for å koma til the punch line: Dagen etter at forfattaren sendte ein kopi av boka til forlaget vart PCen hans stolen!

For min eigen del fekk det meg til å tenkja på noko eg har tenkt mange gonger før: At enorme delar av vår eigen kultur kjem til å vera ei blank side i historia som følge av den store føreståande slettinga av mesteparten av verdas digitale data. Det er ikkje tvil om at dette kjem til å skje, spørsmålet er berre i kor stor skala (ein liten rest vert truleg berga). For å backa opp dette siterer eg frå Unesco sitt prosjekt ”Verdens hukommelse” si programerklæring:

”Store deler av verdens dokumentarv blir borte av såkalte naturlige årsaker: syreholdig papir går i oppløsning; lær, pergament, film og magnetbånd tæres av lys, varme, fuktighet eller støv. Dermed står flere av filmhistoriens tidligste verker i fare for å gå tapt. Tusenvis av kilometer med film kan bli visket ut dersom de ikke restaureres og kopieres. Mange nitratfilmer har for øvrig allerede gått tapt i selvantente branner. Lydbånd fra 70- og 80-tallet kan være i svært dårlig tilstand. I tillegg til langsomt forfall har en rekke biblioteker vært utsatt for flom, brann, orkan, og jordskjelv. Slike katastrofer er det vanskelig å sikre seg mot dersom man ikke gjør grundig og omfattende forebyggende arbeid.”

Viss dette er sant om vanlig papir, film, og til og med heile bibliotek, er det endå meir sant om digitale lagringsmedium. Dei mest optimistiske testane eg har sett på når det gjeld kor lang levetid ei CD-plate eller ein harddisk har reknar med ein 10-15 år under optimale lagringstilhøve. Internettguden Google som har meir enn 100 000 harddiskar som sine lojale undersåttar, har nyleg publisert sin omfattande test på kor lang levetid harddiskar har. Deira harddiskar tek i gjennomsnitt kvelden etter 5 år. Store firma og institusjonar som Google driva med regelmessig utskifting og tryggingskopiering av harddiskar for å halda det uunngåelige på avstand. Det kan vanlege folk òg gjera så lenge dei lever. Men så kan me ikkje gjera det lenger. Så ettertida vil ikkje ha tilgang til vår generasjons digitale kvardagsliv, anten det gjeld familiefoto, film, interessante e-postar, skuleoppgåver, etcetera etcetera. Det vil gå tapt for all framtid. Men eg greier ikkje heilt å bestemma meg om dette er ein nedtrykkande eller befriande tanke.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,343 besøkjande