For dei som veit litt kva Elster-debatten i Morgenbladet går ut på, les denne leiaren til redaktøren i forskning.no. Den er faktisk ganske morosam òg, i Morgenbladets oppramsing av dei 100 mest siterte norske professorane har det dukka opp ein professor i teoretisk astroLOGI, påpeiker redaktøren. Elles må de lesa avsnittet om ‘postmoderne fysikk’!
For å snakka om noko heilt anna: i går støytte eg på latinlærar Amund Børdahl att, på ein daglegvarebutikk. Det er rart kor ofte det skjer, eigentleg. Det overraska meg å høyra at han hadde lese innlegget mitt borte på familiekompaniet som hadde han sjølv som ein av hovudpersonane. Og no ser eg han har lagt att ein liten kommentar òg. Ein reknar liksom ikkje med at nokon faktisk les det ein skriv.

0 Svar to “Meir motstand mot postmoderne ‘tenking’”