Eg kan ikkje forstå anna enn at folka som skriv serien Presidenten (som går på NRK1 kvar torsdagskveld) er svært oppegåande. I går hadde den nye (også demokratiske) presidenten Matt Santos ein treffande kommentar. Det var fremma eit forslag frå den sittande administrasjonens side om å auka bensinavgiftene med 50 cent per gallon. Noko som fekk Santos til å seia at viss han i det heile vurderte forslaget ville han framstå som noko likt ein ‘norwegian socialist’. På den eine sida er det litt godt gjort at amerikanske scriptwriters har innsikt i norsk politikk, på den andre er det ein påminnar om at sjølv dei moderate amerikanske demokratane står langt til høgre for det me reknar som sentrum her i Noreg. Kanskje Høgre er eit samanliknbart norsk parti? Og eg skulle gjerne kalt republikanarane for noko finare enn høgreekstremistar.
Siste
Kva las du no
- A Miracle of Elder Paisios the Athonite
- Sensasjon: Aril Edvardsen var ingen historiker - 1
- Thomas Nagel, the cosmic authority problem and the fear of religion
- Se, hun snakker
- discursus: Newmaniana frå sommaren -09 I: Radikale livsformer
- Regarding Husband's Abbess, the Wife
- "Shun even to appear harsh in your treatment of each other"
- Demokrati utan solidaritet?
- Når ofrene blir uspiselige
Blogroll
Kommentarar
Kategoriar
Arkiv
- april 2009 (1)
- mars 2009 (1)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (2)
- november 2008 (4)
- oktober 2008 (5)
- august 2008 (3)
- juli 2008 (2)
- juni 2008 (6)
- mai 2008 (3)
- april 2008 (1)
- februar 2008 (4)
- januar 2008 (4)
- desember 2007 (1)
- november 2007 (1)
- oktober 2007 (5)
- september 2007 (3)
- august 2007 (3)
- juni 2007 (2)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (7)
- mars 2007 (8)
- februar 2007 (16)
- januar 2007 (12)
- desember 2006 (3)
- november 2006 (8)
- oktober 2006 (20)
Tal eminente lesarar
- 7,791 besøkjande

Amerikanarane si tradisjonelle kommunistjakt har nok fått sentrum til å skli mot høgre, men at det norske Venstre nærast er eit høgreparti seier jo også sitt.