Eg kjem ikkje over det. I dag hadde eg ei nærmast spirituell teknologisk oppleving. I masteroppgåva mi skal eg altså skriva om Frode Gryttens reportasjekunst, og i samband med det var eg på Universitetsbiblioteket og spurde korleis eg kunne få fatt på BT-artiklar frå tidleg 90-tal. Jau, det skulle ikkje vera vanskeleg, Bergens Tidende var digitalisert i fleire tiår bakover i tid. Det var berre å gå inn på ein nett-database ved namn atekst.no. Hmmm! Og så gjekk eg i gang med den møysommelege prosessen med å søka etter reportasjar der Gryttens namn dukka opp, og kopiera dei enkeltvis over i eit anna vindauga. Men så fann eg ein avansert søkefunksjon, der eg kunne søka på forfattar, og vips, hadde eg Frode Gryttens samla journalistiske forfattarskap samla i eit søk framfor meg. Men best av alt, ein umiskjenneleg LAGRE-knapp var å sjå like til høgre for den nyfunne skatten. Og så var det berre å lagra alle dei 749 artiklane Grytten skreiv i BT i ei enkelt tekst-fil på 13 MB og lasta ho opp på min eigen studentportal! Og no i kveld har eg kopiert teksten over til Microsoft Reader-format og lasta han over på PDA-en. Og så er det berre å gjenta same prosessen viss det skulle vera andre journalistar ein har spesielt sansen for. Alle dei største norske avisene er søkbare… Eg kjem ikkje over det!
Siste
Kva las du no
- An Atheist Defends Religion
- The Word -nytt bibelprogram
- Krever peak oil-analyse (Teknisk Ukeblad)
- "For we were used to the old-world Christmas"
- Sometimes You Feel Like a Nut: Francis Turretin On the Perpetual Virginity of Mary
- Why We Fast
- On Social Justice by that Inveterate Socialist Agitator, St Basil the Great
- Billig kjøtt i Europa katastrofalt for Latin-Amerika
- My Emmaus
Blogroll
Kommentarar
Kategoriar
Arkiv
- november 2009 (3)
- april 2009 (1)
- mars 2009 (1)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (2)
- november 2008 (4)
- oktober 2008 (5)
- august 2008 (3)
- juli 2008 (2)
- juni 2008 (6)
- mai 2008 (3)
- april 2008 (1)
- februar 2008 (4)
- januar 2008 (4)
- desember 2007 (1)
- november 2007 (1)
- oktober 2007 (5)
- september 2007 (3)
- august 2007 (3)
- juni 2007 (2)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (7)
- mars 2007 (8)
- februar 2007 (16)
- januar 2007 (12)
- desember 2006 (3)
- november 2006 (8)
- oktober 2006 (20)
Tal eminente lesarar
- 8,355 besøkjande

Det var ikkje dumt! Mikrofilm kunne blitt ein dryg affære.
Eg vil berre seie ein ting om Frode Grytten: Det er Grytten sin kred me alle snyltar på når me framstår som kulturelle, vittige og vitande berre fordi me skriv nynorsk. Grytten og pittelitt Are Kalvø.