Godt nyttår! Etter mykje reising i jola og nyttårshelga, er me no tilbake, men ikkje for fullt enno. I år har det vore mykje sjukdom i (den utvida) familien rundt joletider. Så ein tenkjer uunngåelig meir på kor skjørt livet kan vera. Elles vil eg tilrå Karin Sveen sin artikkel i siste nummer av Samtiden om Ironi og Alvor. Ho kjem ikkje fram til nokon skikkeleg konklusjon (det innrømmer ho òg), det er nesten som ho ikkje torer å tenkja tankerekkja si fullt ut, redd for å havna på same sida som dei som trur dei har funne sanninga. Uansett har ho mange interessane observasjonar. Då Sveen prøvde seg med vanleg norsk ironisk tvetydigheit i utlandet, vart ho ikkje møtt av eit tilsvarande ironisk svar som ein forventar her til lands, men med det insisterande spørsmålet “what do you actually mean?”.
Det finst enkelte som kviskrar om at eit paradigmeskifte er i emning, at postmodernismen med si totale openheit står for fall. Det finst små ting som kan tyda på det, Øverlands polemikk mot kristendommen (den tiende landeplage) imponerer ikkje lenger frå intellektuelt hald, blant anna. Eg veit ikkje om eg torer håpa på noko paradigmeskifte (systemendring) enno, men ein får telja dei små sigrane.

0 Svar to “Godt polemisk nyttår”