Arkiv for januar, 2007

Amerikansk skjellsord: ‘Norwegian socialists’

Eg kan ikkje forstå anna enn at folka som skriv serien Presidenten (som går på NRK1 kvar torsdagskveld) er svært oppegåande. I går hadde den nye (også demokratiske) presidenten Matt Santos ein treffande kommentar. Det var fremma eit forslag frå den sittande administrasjonens side om å auka bensinavgiftene med 50 cent per gallon. Noko som fekk Santos til å seia at viss han i det heile vurderte forslaget ville han framstå som noko likt ein ‘norwegian socialist’. På den eine sida er det litt godt gjort at amerikanske scriptwriters har innsikt i norsk politikk, på den andre er det ein påminnar om at sjølv dei moderate amerikanske demokratane står langt til høgre for det me reknar som sentrum her i Noreg. Kanskje Høgre er eit samanliknbart norsk parti? Og eg skulle gjerne kalt republikanarane for noko finare enn høgreekstremistar.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,401 besøkjande